mandag 6. april 2009

New York 23. - 29. mars

Eg var rimelig trøtt og svolten når eg kom fram til hotellet kl 10 den 23. mars. Fredrik og eg hadde ulike fly frå Los Angeles til New York, så han hadde komt kvelden før. Etter ei natt på flyet frå Fiji til Los Angeles, tilbrakte eg dagen på flyplassen i L.A. med Torunn og Ingvild. Flyet vårt vidare gjekk ikkje før om kvelden, og me landa i N.Y. tidleg morgon kl 6, etter ei natt uten søvn og noko mulighet for å kjøpte mat. Me skulle bu på ulike hotell, så de reiste med flytog og t-bane, mens eg tenkte det var like greit å ta ein shuttlebuss. Det varte og det rakk, og bussen kom ikkje før to timar. Deretter var det to timar i rushtrafikk, ved sida av ei eldre dame som nekta å flytte seg ein cm sjøl om eg skviste meg ved sida av ho og sat halvvegs utfor kanten.

Fredrik hadde nettopp ete frukost og var i storform. Han hadde funne ein kjempe bra frukostplass rett rundt hjørna, med allslags bagelsar og pålegg. Dette blei den faste frukostplassen vår, og me las seinare at den var kåra til ein av New York beste bagelsshapper.

Hotellet, The Pod Hotel, var eit enkelt, nytt og fancy budsjetthotell i Upper Midtown på Manhattan. Rommet var lite, men med flatskjerm og sånn radio der ein kunne sette ipoden nedi og spele musikk frå den. Etter å ha fått i meg litt mat, hadde eg ikkje sjanse og kubba. Fredrik tok seg ein tur i området for å sjekke ut shoppingmulighetar.

Me fann fort ut at denne byen hadde det meste, også når det gjaldt butikkar. Det var fint vær omtrent heile veka, men kaldt, så varme klede sto på ønskelista dei første dagane. Eg hadde med meg ei fleecejakke, og det var det einaste, så det blei ein del hutring og leiting etter jakke, før eg tenkte at det ikkje fekk vere så nøye og vassa rundt i Fredrik sin altfor store vindstopper. Det var allsalgs typar folk i New York, frå damer i dei nyaste motane til folk som meg som ikkje var så moderne og stilfulle. Ingen skilte seg ut i denne byen.

Om ettermiddagen den første dagen, gjekk me nedover Fifth Avenue, fekk sett og tatt bilde av Empiry State Building, og sette oss til slutt på ein pub. Me hadde på forhånd snakka om at me ville sjå ein basketballkamp i Madison Square Garden og spurte tilfeldigvis bartenderen her kva han trudde om saken, om det var mulig å få tak i billettar og om det var nokon kampar i det heile dei nærmaste dagane. Han sa at einaste heimekampen New York Knicks skulle spele denne veka var nok denne kvelden, og at det var berre å møte opp utenfor litt før start, så var det alltids folk som selde billettar og nesten alltid var dei ekte. Klokka var no 6 og me tenkte at det ikkje skada å gå bort og sjå om det var mulighetar. Det var det, me blei stoppa av to svarte menn som ville selja oss billletar for 100 dollar per stk. Det skulle vere veldig bra plassar og ikkje noko tull. Me tok sjansen, betalte og heldigvis blei me ikkje lurt. Me fekk kongeplassar nær banen på langsida og kampen var ein fornøyelse. Tribunen som var like stor som Brann-stadion, var omtrent fullsatt og det var masse stemning og liv. Dei spelte i fem minutt om gongen ca før det var pause og ulik underholdning for oss publikum; gamle basketballheltar kom på banen og fekk hyllest, nokon frå publikum kasta basketball mot korga og fekk pengar etter kor mange gonger dei traff, eller dei kasta ulike t-skjorter og sånn ut til publikum. Med jevne mellomrom kom òg ei gruppe med flotte jenter med lite klede på banen og dansa. På tv-skjermen i taket intervjua dei ulike kjendisar som dei fann blant publikum og alle jubla og klappa. Rett ved sida av oss var det to stk som gomla på fastfood, og nedenfor oss sat ein familie med to ungar, der alle sammen hadde pommes frittes og kyllingvinger til kveldsmat. I pausen, som delte dei to omgangane, tenkte me òg at me måtte vera litt amerikanarar og kjøpte oss kyllingvinger med pommes frittes.

Dei første dagane brukte me altså til shopping og gåing rundt omkring. Me gjekk langs havna, til Southstreet Seaport der me fekk sett Brooklyn Bridge i solnedgang, og var oppom Wall Street. Me var i Soho, der dei skulle ha dei fleste butikkar for både rik og fattig, og på ulike senter. Century 21 hadde dyre merkeklede til veldig låge prisar og rett utenfor her låg byggeplassen der twintowers for nokre år sidan stod. På BH kjøpte me speglrefleks kamera til mykje lågare pris enn heime. Eigarane til BH var jødar og tv var derfor ikkje noko bra greier, så istaden for å ha tv-spel for ungane i butikken, hadde dei diskar med opne glas sånn at ein kunne sjå øskjene med varene gå bortover eit bånd. Mens seljaren registrerte navnet vårt og sånn, kom plutseleg kameraet ferdig pakka på båndet. Betalinga skjedde i nederste etasje, der øskjene med varene kom sklidande ned. Det var fascinerande å sjå. Logistikken var på topp! Me var grønne på området og sa me var newbeginners første dagen me var der. Seljaren spurte om det var noko som heitte oldbeginners. Me fekk anbefalt eit Canon eller Nixon kamera, og etter å ha gjort litt research på nettet endte me opp med eit Canon kamera då me var tilbake dagen etter.

Torsdag var me på tur i Central Park, såg på minnesmerket til ære for John Lennon og såg på huset der han budde rett utenfor parken. Han blei visst skutt rett utenfor huset sitt. Yoko Ono budde fortsatt i dette huset, Dakota Building, som har ein av dei dyraste adressene i byen. Været denne dagen var litt surt, men eg kan tenka meg at denne parken er flott når den er grønn og det er fint vær! Det var mange fine dammar og små sjøar og blant anna denne flotte brua på bildet. Det krydde av ekorn som var overalt og ikkje særlig redde.

Om kvelden torsdagen var me på Mamma Mia musikal. Eg må innrømma at eg var nok ein av dei få som ikkje var så begeistra for filmen, så eg var spent på musikalen. Kanskje nettopp pga at eg ikkje hadde så store forventningar, så syntes eg musikalen var fantastisk med masse flinke skuespelarar! Eg ville reise meg og danse på slutten, men Fredrik holdt meg fint fast i armen. Men etter to ekstranummer sto heile salen og song og klappa. Fredrik òg. Bildet viser Time Square, som me fekk tatt bilde av på vegen heim, med nyekamerat vårt. Han fyren på bildet såg eg i Dagbladet no at er visst ein av New York største turistattrkasjonar, han spelte i krysset ved Time Square og folk sto i kø for å ta bilde med han:) I Dagbladet sto det at han no hadde utdanna seg til prest og at ein no altså kunne gifte seg der i krysset:)

Fredag tok me ei ferje som gjekk til øya med frihetsstatuen og Ellis Island. Det går visst an å gå inn i frihetsstatuen, men me såg ikkje heilt poenget med det, og nøydde oss med å sjå og ta fine bilde av den frå båten. I tillegg slapp me då køen for å komme seg ut på båten igjen! Heile turen var veldig folksom, og det var kamp om å få ståplass på øverste dekk så ein fekk tatt bilde av frihetsstatuen og Manhattans skyline.

Ellis Island var øya der immigrantane til USA først kom og måtte gjennom legetest og ulike psykologiske testar, før dei fekk koma inn i landet. Dette var no laga om til eit museum, der ein òg kunne søke i arkiv for å finne ut om ein sjølv hadde slektningar som hadde vore innom denne stasjonen. Det var eit interessant museum, der me såg venterommet, sovesal og kunne lese ulike historiar frå kva folk hadde opplevd. Men dei hadde kanskje gjort litt vel mykje ut av ikkje så mykje på ein måte.

Fredagsettermiddag, etter ein lunsj i Chinatown, traff me Torunn og Ingvild og inviterete dei med på standup-show. Me hadde kjøpt billettar på gata og fekk to ekstra billettar med på kjøpet. Eit komikershow i New York var visst et must og det viste seg å bli veldig bra. Me var litt redde for at me ikkje kom til å forstå all humoren, men dette var ingen problem. Nokon snakka litt fort, men stort sett gjekk det greit å få med seg det meste av engelsken òg. Etter showet reiste Fredrik og eg på ein restaurant med syngande servitørar, som me hadde blitt anbefalt å gå på av reisebyrået. Restauranten låg i Broadway rett ved Mamma Mia, og dette var plassen mange jobba før dei fekk jobb i ein musikal. Dei var skikkelig flinke og song og dansa kjente slagerar mens dei serverte. Det var underholdande og kjekt. Etter litt nattmat her, reiste me på ein jazz-klubb, Blue Note, som skulle vere ein av USA`s beste. Dette var noko Fredrik meinte me òg måtte få med oss i New York.

Lørdag ettermiddag reiste me over til bydelen Brooklyn, for å besøke Brooklyn Brewery. Fredrik hadde blitt anbefalt å ta turen hit, og han skal jo begynne med eige bryggeri, så han har blitt veldig interessert i ulike øl-typar. Me sulla litt i butikkar før me kom oss avgårde, så når me endelig kom fram der var det dessverre stengt. Brooklyn såg ut som å vere ein heilt anna bydel enn Manhattan, med mykje mindre folk og hus, det var nesten som det var litt skummelt å bevege seg aleine der i skumringen, og taxi kom det jo aldri. Rundt bryggeriet var det ingenting, me trudde kanskje dei hadde ein tilhørande pub i området, men det såg ikkje sånn ut, så me begynte å gå nedover igjen og gjekk innom på nærmaste pub. Bartenderen der kunne fortelle oss at det var ein t-bane stasjon ikkje langt unna, så då kom me oss trygt tilbake til Soho. Der tok me oss heller ein bedre middag på ein resturant med kokkestudentar frå French Culinary School New York.

Søndag kveld tok me fatt på begynnelsen av reisa heim. New York hadde vore fantastisk! 3 månadar jorda rundt hadde vore fantastisk! Så då var klar for påskeferie og kanskje litt planlegging av neste tur..

tirsdag 31. mars 2009

Fiji 12 - 22 mars

Eg var på forhånd litt bekymra for flyturen til Fiji pga syklonen utenfor kysten av Australia, men den hadde visst stilna de siste dagane, og den 3 timars lange flyturen var smertfri. Fredrik kom og møtte meg på flyplassen i Nadi, det var veldig spesielt og kjekt å sjå han igjen. Hotellet skulle vere ein overraskelse, og det var andre bollar enn standarden eg hadde operert med dei siste månadane! Det var et Radisson hotell ved Denerau Port, et litt meir luksuseriøst strøk ved havet utenfor Nadi. Det var ein flott stor hage med masse stiar og vannvegar, fleire basseng og til og med ein foss midt i! Valget av hotell var nøye planlagt, der han hadde passa på at det var ulike serverdighetar for meg innenfor hotellområdet, så ferien skulle bli ferie:)

På dette hotellet blei me i 3 netter. Me gjekk tur på stranda, bada, og brukte litt tid på internett og reisebyrå for å finne ut kva me skulle gjere vidare. Andre dagen spelte me golf på ettermiddagen. Først slo me ein del ballar på driving rangen. Og eg fekk det ikkje til! Viss eg traff gjekk den maks 20 meter! Det var så sinnsjukt varm og eg var sint! Men på dei tre siste slaga følte eg plutselig eg fiksa det litt bedre, og det var då sola forsvann og eg foreslo å ta ein runde på banen. Eg var sjåfør i den lille golfbilen og Fredrik spelte. Kjempe kjekt! Masse små kjekke veger og fint landskap! Då me var komt til 7 holet, begynte det plutselig å regne og tordne så kraftig som eg aldri har opplevd før! Det var umulig å gjennomføre dei to siste hola og me måtte berre kjøre bånngass tilbake. Vegane blei overfløymde og det blei vanskelig å sjå vegen i det heile. Søkkvåte blie me kjørt tilbake til hotellet, som låg berre nokre minutter unna golfbanen.
Det var øyene utenfor hovedøya Viti Levu som skulle vere dei finaste og me bestemte oss for å reise øverst på Yasawagruppa nordvest for hovedøya. 15 mars reiste me med båt tidleg om morgonen utover. Det var ein hurtigbåt i dårlig vær. Sjøen blei større og større. Eg var redd og Fredrik sjøsjuk. Det endte opp med at me gjekk av på Kuata, øya nederst i Yasawagruppa, etter 2 timar og ca halvvegs til hotellet me egentlig skulle. Det viste seg å vere ein backpackerplass med sjarm. Me fekk ein egen liten bure med eget bad og ei lita seng. Ein bure er eit tradisjonelt fijiansk hus, der taket er laga av palmetre. Maten var inkludert, så når den var klar ringte de med ei bjella og så gjekk me bort i spisesalen og fekk servert mat. Det var så koselig! Om kvelden var det litt opphold, så då gjekk me tur langs stranda og låg i hengekøya med utsikt utover havet. På øya var det berre oss som i dei ulike burene og ein stor familie som dreiv hostellet, veldig eksotisk!

Dagen etter prøvde me lykken igjen, sjølv om været ikkje var stort mykje bedre. Sjøen var hakket roligare enn dagen før, så me kom oss heilskinna til Yageta Island som var målet. På båten møtte me Torunn og Ingvild, dei skulle til ei anne øy litt nord for oss, så det blei med denne båtturen at me var ilag alle 4. Navutu Star Resort låg på eit fint område ved havet, med fantastiske burar. Me hadde bestilt den billigaste, ein Gardenbure, men me fekk ein Oceanbure. Då me blei frakta inn med motorbåt til øya sto det ein gjeng fijianarar som jobba der, og spelte velkomstsang på stranda:) Og då me kom i land fekk me kokosjuice rett frå nøtta. Samtidig med oss kom det òg et veldig kjekt par frå Philadelphia, USA, som skulle gifte seg der.

På Navutu Star Resort var me i 4 netter og fekk akkurat med oss bryllupet på stranda. Fredrik blei spurt om å filme, så det var han og eg som var gjester foruten to fijianske frå hotellet som var forlovarar og ei lita brudepike. Ellers var det eit stort fijiansk kor som kom frå landsbyen på øya, to krigarar i palmeskjørt og ein tjukk, kul prest med solbriller:)

Ellers var været skiftande desse dagane, med ein del regn på morgonane og masse overskya. Men likevel var det svært varmt og deilig med eit lite basseng på området. Stranda var ikkje så veldig fin og det var kvikkleire på havbotnen så vatnet blei grått med ein gong du bevegde deg uti. Dette pga at det hadde vokse mangrove her tidlegare, som dei hadde fjerna då dei bygde hotellet. Regntida gjorde vel òg sitt til at vatnet ikkje var så klart og strendene så fine som i høgsesongen. Faktisk var mars den månaden med mest regn heile året, med 20 regndagar, så me kunne ikkje forvente bedre vær enn me fekk trur eg. Men det var sinnsjukt grønt og fine små fjelltoppar på øyene, så landskapet totalt sett var veldig fint! I tillegg når resorta var så små og det kanskje berre var eitt resort på øyene så kom du tett innpå dei fijianske som jobba der. Eit veldig kjekt folkeslag!
Foruten å ligge på solseng og slappe av var me med på andre små aktivitetar som hotellet arrangerte. Eine formiddagen var me på ein snorkletur, der me såg masse fine småfisk og hovudet på ein blekksprut som stakk opp av ei hole. Ellers var me på kokonøttdemonstrasjon, der dei fortalde det meste når det gjeld kokosnøtta, og eit landsbybesøk på ei anna øy. Ein ettermiddag tok Fredrik og eg ein padletur langs kysten og til ei nærliggande strand. Dette var ei fin langgrunn strand. På vegen tilbake såg eg ein svart og kvit havslange som svømte i overflata. Dette var den mest vanlige slangen på Fiji, dadakulaci, som er giftig. Den er visstnok veldig nyskjerrig og kan derfor svømme etter dykkarar for eksempel. Eg blei ståande i kanoen ei lita stund for det var eit lite hol i båten under meg, sjøl om det nok var altfor lite til at den kunne koma inn der. Etter kvar utflukt kom dei på stranda med dette flagget på bildet:)
20.mars tok me hurtigbåten ned til fastlandet igjen. Dei spelte og song for oss ved avskjeden og me fekk blomekransrundt halsen. Det var nesten litt vemodig å reise. Det regna som aldri før, men været blei bedre og bedre til lenger inn me kom og sjøen òg heldigvis. Me bestilte hotell på båten og valgte no ein bacpackerplass nær flyplassen. Her blei me i to netter.

21.mars reiste me på ein utflukt opp i fjella litt inn i landet, til landsbyen Navala. Dette var den einaste tradisjonelle landsbyen som var igjen på Fiji, der alle fortsatt budde i burer. Dei einaste "vanlege" husa var kyrkja og skulen og hus som lærarane budde i, men dei låg litt for seg sjølve. Me blei henta om morgonen av sjøføren og guiden, som var samme mann, og kjørte av gårde i ein firhjulstrekkbil. Han var sjølv eigaren av dette firmaet som arrangerte turen, og virka stødig og hadde masse å fortelle. Fredrik sat framme og prata og plutselig komme det et kjapt spørsmål på norsk kva religion me tilhører? Eg svarer "catholics". Det var det det einaste eg kom på. Heldigvis blei dei ingen fleire spørsmål om den saken. Oppe i landsbyen blei me spurt det samme av ei jente som viste oss rundt. Eg svarte det samme og ho blei så begeistra for heile landsbyen her var visst katolikkar. Huff, følte meg som den hedningen.

På vegen stoppa me først på markedet i Lautoka, ein by litt nord for Nadi. Her skulle me kjøpe lunsj. Guiden sa det var ferskvare, men veit ikkje om eg ville kjøpt mat der sjølv likevel. Guiden plukka ut 2 fiskar, noko anna forksjellig som de brukte i stadenfor poteter, bananer og melon. Så såg me ein hummar, som Fred og eg kom med et ønske om til lunsj. Så då blei det hummar òg. I tillegg kjøpte me med oss kava, som me skulle gi i gave til chef`en (høvdingen) i landsbyen. Kava er ein tradisjonell drikk i Stillehavet med ritualer omkring forberedelsane og drikkingen. Drikken er uunværlig ved sosialt samvær, og på kveldane samlast ofte mennene i landsbyen for å drikke kava. Kavaen er eit lett narkotisk stoff og blei laga av nokre røtter, som me kjøpte i pulverform på markedet.

Etter et par timar i bil på ein hompete veg innover i eit flott fjellandskap, kom me til Navala. Her blei me først velsgina av andrechef`en (oppsiktsmannen, den virkelige chef`en var visst bortreist for øyeblikket) før me blei vist rundt av nokre jenter mens kona til andrechef`en laga i stand lunsjen vår. Det var heilt magisk å gå rundt der, midt blant høge grønne fjell låg denne idyllyske plassen med alle burene. Eg følte eg var i hobbitland i Ringenes Herre.

Etter omvisninga var det tid for kavadrikkking. Dei blanda pulveret me hadde med med vatn og me fekk på omgang ein kopp kvar. Det var brunt og smakte egentlig litt som skittent vatn. Me skulle drikke, klappe ein gong, og sei "bula", drikke heile koppen i eitt og så klappe tre gonger.

Etter lunsj såg me at uvær var på veg og me sette kursen ned igjen. Me var komt nesten heile vegen ned før det begynte å hølje. Me takka for turen og lovde me skulle komme i kyrkja like ved hotellet morgonen etter. Guiden skulle synge i kor der.

Kl 07 morgonen etter var me klare for gudsteneste. Den varte og den rakk og det var ikkje mykje musikk og dans som me kanskje hadde forestilt oss. Gudstenesten var på fijiansk, så me forsto altså ikkje mykje. Me såg heller ingenting til vennen vår frå dagen før. Er vel første og siste gongen Fredden har vore på gudsteneste 7 søndagsmorgon. Jaja, det skada vel ingen. Det blei sol og fint vær denne dagen og etter å ha gått ein tur i området, reiste me bort på Radisson hotellet me hadde vore dei tre første dagane og spurte om det var ok me tilbrakte dagen der. Det var det, så då låg der me der og slikka dei siste solstrålene den siste dagen på Fiji. Om kvelden gjekk flyet, New York next!


torsdag 26. mars 2009

Brisbane 10-12 feb

10.feb tok me fly frå Alice Springs tilbake til Brisbane. Me mellomlanda i Sydney, der flyet vidare hadde mekaniske problem, så me fekk tre timar ekstra tid på flyplassen og gratis middag, før me til slutt fekk eit nytt fly. Liam og Laura plukka oss opp og me sov på kvar vår madrass i stova deira. Det såg like forferdelig ut der som sist, foruten at dei hadde samla sammen ein del matrestar frå kjøkkengolvet, som no låg fint ved sida av (!) boss-spannet.

Om morgonen 11.3 tok Torunn og eg bussen inn til sentrum i lag, der ho tok bussen vidare til Byron Bay for å treffe Ingvild, mens eg måtte til å underhalda meg sjølv. Eg gjekk og kikka litt, før eg tok bussen eit stykke ut av byen til Koala Pine Sanctury Garden. Her hadde dei blant anna masse flotte og artige australske fuglar, wombat, cassowaryar og 120 koalaar! Wombaten ligner på ein liten bjørn, men tjukkare. Veldig søt, dessverre låg den helst berre og kvilte på dagen. Men det var vel helst pga dei alle koalane eg tok turen. Eg gjekk og betrakta dei, både dei som var i barnehagen og dei på gamleheimen. Dei sat der oppi trea sine mellom to greiner, og sov for det meste. Dei lever av kun eukalyptus, og det er det så lite næriing i at dei sover 20 av 24 timar. Hm, kvifor et dei ikkje heller noke anna? Dei er så utrulig søte. Eg holdt på å betale nye 15 dollar for å holde ein, men klarte å dy meg, me hadde jo gjordt det oppe i Cape Tribulation. Til lunsj kjøpte eg meg noko på ein kafe, der sitteplassane ute var omringa av tre fulle av koalaar:)
Været var heller dårlig og innimnellom styrtregna det. Etter eit par timar, tok eg bussen tilbake til sentrum. Etter litt kikking i butikkar og internet tenkte eg å avslutte Australia-oppholdet med ein bedre kenguru-middag. Eg spurte på eit reisebyrå kor eg kunne finne restaurantar med dette på menyen, men dei hadde ikkje peiling og eg fann heller ingen anbefalte i nærheten i Lonely Planet boka mi, så derfor blei det heller ein subway-bagett til middag. I grunnen var det greit å vere aleine ein dag, og fekk trening i å orientere meg og ta meg fram på egen hånd.

tirsdag 24. mars 2009

Alice Springs og Outback`en

Etter mellomlanding i Cairns kom me til Alice Springs tidlig ettermiddag den 6.mars. Etter aa ha sjekka inn gjekk me til sentrum og saag litt i butikkar. Byen hadde ikkje meir enn 25 000 innbyggjarar, saa sentrum var lite og det var ikkje altfor mykje aa sjaa paa der. Det var veldig mange aborginarar her, mange var skitne og berusa og hadde tydelig problemer. Eit trist syn. Eg kunne ikkje tenkt meg aa bevege meg her aleine etter moerketid.

Om kvelden ville me gaa paa ein restaurant, der me hadde hoert me kunne faa ein forrett bestaaande av krokodille, emu, kenguru og barramundi (type fisk). Dette hoertes spennande ut. Men daa me kom der, var det meir som ein pub og var ei full gammal dame som maste saa sinnsjukt, saa me gjekk heller paa butikken og lagde oss ein thaimiddag paa hostellet.
7.mars kom det ein minibuss og henta oss paa hostellet klokka 6. Gruppa vaar bestod av 24 personar, der alle var ungdommar utenom Ken og Sandy som var pensjonistar fraa Florida. Guiden var veldig kjekk og tydeleg interessert i aa fortelle og forklare og lage ein bra tur for oss. Det var ein seks timars busstur til Uluru/Ayers Rock, men pga mange smaastopp paa vegen gjekk tida fort, tiltross for at det var absolutt ingenting aa sjaa i dette oerkenlandskapet. Paa eine stoppen var det ein kamelfarm, der me kunne proeve aa ri.
Det var sol og omtrent skyfri himmel alle dei tre dagane, og sjoelv om airconditionen paa bussen var paa full speed var det til tider sinnsjukt varmt. Ellers var det fullt av plagsomme fluger, saa mange av oss kjoepte oss ein flott hatt med netting.
Om ettermiddagen den foerste dagen gjekk me tur i Kata Tjutas/ the Olgas. Dette omraadet bestod av store, roede, avrunda fjell av ulike typar bergartar. Guiden fortalte litt geologi, som var spesielt kjekt for oss med nokre geologifag. Me gjekk til ulike utkikkspunkt og landskapet var fantastisk og rett og slett magisk med den intense roedfargen. Etterpaa kjorte me for aa sjaa solnedgangen ved Uluru. Det som gjer Uluru spesiell er fasongen og at den berre bestaar av ein type bergart, sandstein.
Etter ein luksuserioes spagetti bolognese med allslags groennsaker, sov me i noko dei paa engelsk kalla swags (madrass inni ein pose)paa bakken under open himmel. Det var litt kaldt, sjoel om eg hadde full paakledning, men likevel flott under stjernehimmelen.

Dagen etter var det opp 5, for me skulle vere klare ved Uluru for aa sjaa soloppgangen 6. Paa vegen hoerte me paa stemingsskapande musikk i moerket. Det var sinnsjukt med turistar i samme aerend som oss og det var nesten umulig aa faa tatt bilde uten andre folk i kantane, saa eg foretrakk heller solnedgangen kvelden foer. I utgangspunktet hadde me etter dette mulighet for aa klatre opp paa Uluru, men pga ein veldig bratt sti opp og 35 turistar som hadde doedd der tidlegare, gjorde at det skulle ingenting til foer dei stengde stien. Denne dagen var stien stengt pga svak vind. Uluru tilhoerer aborginarane og er hellig, og kvelden foer hadde guiden fortalt oss at dei sjoelve ikkje klatrer opp paa den pga dette (utenom under visse seremoniar) og dei som hadde oenske om aa gaa opp fekk derfor eit etisk dilemma. Eg hadde hoert om dette og hadde vel egentlig bestemt meg paa forhaand etter aa f.eks ha sett postkort med ”I didn`t climb Uluru”. Det kom tydeleg fram kva guiden sjoelv meinte om saken, og dette gjorde nok sitt til at dei fleste slo fraa seg aa klatre opp kvelden foer. Etterpaa fortalte han òg, at han berre for nokre faa aar sidan hadde faatt vite at han var 1/16 aborginarar sjoelv og at dette naturligvis hadde gjort at han hadde faatt stor interesse og respekt for aborginarane sin kultur og religion.
Om ein skulle klatre eller ikkje blei som sagt ingen sak uansett, pga vinden, saa me gjekk heller ein 2 timars tur rundt steinen. Turen var paa ei 1 mil, saa det forteller om stoerrelsen paa steinen. Etterpaa reiste me paa Aboriginal Culture Center, der me kunne lese om kulturen og maaten aborginarane levde/lever (nokre faa stammer lever fortsatt som tidlegare) og kjoepe kunst. Det var fascinerande aa sjaa og lese korleis dei livberga seg av naturen der ute, der det for oss saag ut som ingentingland, med lite vegetasjon og ellers berre oerken.

Deretter var det ein tre timars tur til neste camp ved Kings Canyon. Paa vegen stoppa me for aa sjaa paa ein saltsjoe. Her bada me og grilla ved eit basseng, foer me kjoerte opp i bushen der me skulle overnatte. Plutselig kom det ein fyr med ein slange rundt capsen paa hovudet. Det var guiden til ei gruppe som hadde campa i naerheten av oss.. Den var visst funne oppi ein av swag`ane. Det var nok derfor me hadde faatt beskjed om aa toemme dei for sand og sjekke om dei forje som hadde brukt dei hadde gloemt noko foer me la oss oppi. Slangen var ein ufarlig pytonslange og me fekk ta paa og studere den. Det var som aa ta paa ei skinnvaeske. Guiden vaar syns den var nydelig, eg syns den var ekkel. Etterpaa fekk me hoere at ei jente hadde truffe paa den paa veg til do, saa guidane hadde nok ulik oppfatning om kva som var best aa fortelle oss. Eg veit ikkje kva som var best og verst eg. Uansett saa var eg saa sinnsjukt troett at slangar bekymra meg heldigvis lite den natta.
9.mars var det opp 5, me skulle rekke ein 4 timars tur i Kings Canyon foer det blie for varmt. Me blei guida gjennom eit fantastisk flott landskap med canyoen`en og avrunda kuppelforma fjelltoppar. Guiden fortalte undervegs litt om korleis langskapsformene geologisk hadde blitt danna og litt om flora og fauna og bruksnytte. Me gjekk gjennom garden of Eden som besto av ein dal med groenne, fine tre midt i alt det roede. Her var det òg ei vannhole, der nokon tok seg ein dukkert.
Etter eit bad i same bassenget som dagen foer og ein bedre tunfisksalat, starta me den lange vegen heim, til Alice Springs. Me var enige om at turen hadde vore fantastisk og at me hadde faatt masse for pengane. Maten var den beste med masse salat og groennsaker! Veldig glad for at me i siste liten kom paa denne muligheten og fekk med oss denne delen av Australia òg.
Tilbake i Alice Springs aat me middag i lag og hadde avslutning paa ein pub. Pensjonistparet Ken og Sandy deltok òg:)