På dette hotellet blei me i 3 netter. Me gjekk tur på stranda, bada, og brukte litt tid på internett og reisebyrå for å finne ut kva me skulle gjere vidare. Andre dagen spelte me golf på ettermiddagen. Først slo me ein del ballar på driving rangen. Og eg fekk det ikkje til! Viss eg traff gjekk den maks 20 meter! Det var så sinnsjukt varm og eg var sint! Men på dei tre siste slaga følte eg plutselig eg fiksa det litt bedre, og det var då sola forsvann og eg foreslo å ta ein runde på banen. Eg var sjåfør i den lille golfbilen og Fredrik spelte. Kjempe kjekt! Masse små kjekke veger og fint landskap! Då me var komt til 7 holet, begynte det plutselig å regne og tordne så kraftig som eg aldri har opplevd før! Det var umulig å gjennomføre dei to siste hola og me måtte berre kjøre bånngass tilbake. Vegane blei overfløymde og det blei vanskelig å sjå vegen i det heile. Søkkvåte blie me kjørt tilbake til hotellet, som låg berre nokre minutter unna golfbanen.
Det var øyene utenfor hovedøya Viti Levu som skulle vere dei finaste og me bestemte oss for å reise øverst på Yasawagruppa nordvest for hovedøya. 15 mars reiste me med båt tidleg om morgonen utover. Det var ein hurtigbåt i dårlig vær. Sjøen blei større og større. Eg var redd og Fredrik sjøsjuk. Det endte opp med at me gjekk av på Kuata, øya nederst i Yasawagruppa, etter 2 timar og ca halvvegs til hotellet me egentlig skulle. Det viste seg å vere ein backpackerplass med sjarm. Me fekk ein egen liten bure med eget bad og ei lita seng. Ein bure
er eit tradisjonelt fijiansk hus,
der taket er laga av palmetre. Maten var inkludert, så når den var klar ringte de med ei bjella og så gjekk me bort i spisesalen og fekk servert mat. Det var så koselig! Om kvelden var det litt opphold, så då gjekk me tur langs stranda og låg i hengekøya
med utsikt utover havet. På øya var det berre oss som i dei ulike burene og ein stor familie som dreiv hostellet, veldig eksotisk!
Dagen etter prøvde me lykken igjen, sjølv om været ikkje var stort mykje bedre. Sjøen var hakket roligare enn dagen før, så me kom oss heilskinna til Yageta Island som var målet. På båten møtte me Torunn og Ingvild, dei skulle til ei anne øy litt nord for oss, så det blei med denne båtturen at me var ilag alle 4. Nav
utu Star Reso
rt låg på eit fint område ved havet, med fantastiske burar. Me hadde bestilt den billigaste, ein Gardenbure, men me fekk ein Oceanbure.
Då me blei frakta inn med motorbåt til øya sto det ein gjeng fijianarar som jobba der, og spelte velkomstsang på stranda:) Og då me kom i land fekk me kokosjuice rett frå nøtta. Samtidig med oss kom det òg et veldig kjekt par frå Philadelphia, USA, som skulle gifte seg der.
På Navutu Star Resort var me i 4 netter og fekk akkurat med oss bryllupet på stranda. Fredrik blei spurt om å filme, så de
t var han og eg som
var gjester foruten to fijianske frå hotellet som var forlovarar og ei lita brude
pike. Ellers var det eit stort fijiansk kor som kom frå landsbyen på øya, to krigarar i palmeskjørt og ein tjukk, kul prest med solbriller:)
Ellers var været skiftande desse dagane, med ein del regn på morgonane og masse overskya. Men likevel var det svært varmt og deilig med eit lite basseng på området.
Stranda var ikkje så veldig fin og det var kvikkleire på havbotnen så vatnet blei grått med ein gong du bevegde deg uti. Dette pga at det hadde vokse mangrove her tidlegare, som dei hadde fjerna då dei bygde hotellet. Regntida gjorde vel òg sitt til at vatnet ikkje var så klart og strendene så fine som i høgsesongen. Faktisk var mars den månaden med mest regn heile året, med 20 regndagar, så me kunne ikkje forvente bedre vær enn me fekk trur eg. Men det var sinnsjukt grønt og fine små fjelltoppar på øyene, så landskapet totalt sett var veldig fint! I tillegg når resorta var så små og det kanskje berre var eitt resort på øyene så kom du tett innpå dei fijianske som jobba der. Eit veldig kjekt folkeslag!
Foruten å ligge på solseng og slappe av var me med på andre små aktivitetar som hotellet arrangerte. Eine formiddagen var me på ein snorkletur, der me såg masse fine småfisk og hovudet på ein blekksprut som stakk opp av ei hole.
Ellers var me på kokonøttdemonstrasjon, der dei fortalde det meste når det gjeld kokosnøtta, og eit landsbybesøk på ei anna øy. Ein ettermiddag tok Fredrik og eg ein padletur langs kysten og til ei nærliggand
e strand. Dette var ei fin langgrunn strand. På vegen tilbake såg eg ein svart og kvit havslange som svømte i overflata. Dette var den mest vanlige slangen på Fiji, dadakulaci, som er giftig. Den er visstnok veldig nyskjerrig og kan derfor svømme etter dykkarar for eksempel. Eg blei ståande i kanoen ei lita stund for det var eit lite hol i båten under meg, sjøl om det nok var altfor lite til at den k
unne koma inn der. Etter kvar utflukt kom dei på stranda med dette flagget på bildet:)
20.mars tok me hurtigbåten ned til fastlandet i
gjen. Dei spelte og song for oss ved avskjeden og me fekk blomekransrundt halse
n. Det var nesten litt vemodig å reise. Det regna som aldri før, men været blei bedre og bedre til lenger inn me kom og sjøen òg heldigvis. Me bestilte hotell på båten og valgte no ein bacpackerplass nær flyplassen. Her blei me i to netter.
21.mars reiste me på ein utflukt opp i fjella litt inn i landet, til landsbyen Navala. Dette var den einaste tradisjonelle landsbyen som var igjen på Fiji, der alle fortsatt budde i burer. Dei einaste "vanlege" husa var kyrkja og skulen og hus som lærarane budde i, men dei låg litt for seg sjølve. Me blei henta om morgonen av sjøføren og guiden, som var samme mann, og kjørte av gårde i ein firhjulstrekkbil. Han var sjølv eigaren av dette firmaet som arrangerte turen, og virka stødig og hadde masse å fortelle. Fredrik sat framme og prata og plutselig komme det et kjapt spørsmål på norsk kva religion me tilhører? Eg svarer "catholics". Det var det det einaste eg kom på. Heldigvis blei dei ingen fleire spørsmål om den saken. Oppe i landsbyen blei me spurt det samme av ei jente som viste oss rundt. Eg svarte det samme og ho blei så begeistra for heile landsbyen her var visst katolikkar. Huff, følte meg som den hedningen.
På vegen stoppa me først på markedet i Lautoka, ein by litt nord for Nadi. Her skulle me kjøpe lunsj. Guiden sa det var ferskvare, men veit ikkje om eg ville kjøpt mat der sjølv likevel. Guiden plukka ut 2 fiska
r, noko anna forksjellig som de brukte i stadenfor poteter, bananer og melon. Så såg me ein hummar, som Fred og eg kom med et ønske om til lunsj. Så då blei det hummar òg. I tillegg kjøpte me med oss kava, som me skulle gi i gave til chef`en (høvdingen) i landsbyen. Kava er ein tradisjonell drikk i Stillehavet med ritualer omkring forberedelsane og drikkingen. Drikken er uunværlig ved sosialt samvær, og på kveldane samlast ofte mennene i landsbyen for å drikke kava. Kavaen er eit lett narkotisk stoff og blei laga av nokre røtter, som me kjøpte i pulverform på markedet.
Etter et par timar i bil på ein hompete veg innover i eit
flott fjellandskap, kom me til Navala. Her blei me først velsgina av andrechef`en (oppsiktsmannen, den virkelige chef`en var visst bortreist for øyeblikket) før me blei vist rundt av nokre jenter mens kona til andrechef`en laga i stand lunsjen vår. Det var heilt magisk å gå rundt der, midt blant høge grønne fjell lå
g denne idyllyske plassen med alle burene. Eg følte eg var i hobbitland i Ringenes Herre.
Etter omvisninga var det tid for kavadrikkking.
Dei blanda pulveret me hadde med med vatn og me fekk på omgang ein kopp kvar. Det var brunt og smakte egentlig litt som skittent vatn. Me skulle drikke, klappe ein gong, og sei "bula", drikke heile koppen i eitt og så klappe tre gonger.
Etter lu
nsj såg me at uvær var på veg og me sette kursen ned igjen. Me var komt nesten heile vegen ned før det begynte å hølje. Me takka for turen og lovde me skulle komme i kyrkja like ved hotellet morgonen etter. Guiden skulle synge i kor der.
Kl 07 morgonen etter var me klare for gudsteneste. Den varte og den rakk og det var ikkje mykje musikk og dans som me kanskje hadde forestilt oss. Gudstenesten var på fijiansk, så me forsto altså ikkje mykje. Me såg heller ingenting til vennen vår frå dagen før. Er vel første og siste gongen Fredden har vore på gudsteneste 7 søndagsmorgon. Jaja, det skada vel ingen. Det blei sol og fint vær denne dagen og etter å ha gått ein tur i området, reiste me bort på Radisson hotellet me hadde vore dei tre første dagane og spurte om det var ok me tilbrakte dagen der. Det var det, så då låg der me der og slikka dei siste solstrålene den siste dagen på Fiji. Om kvelden gjekk flyet, New York next!