onsdag 25. februar 2009

Kuranda

Dagen etter me kom tilbake til Cairns fraa regnskogen, 21.03, slappa me berre av med lagunen. Det var litt regnbyger inniblant, men saa varmt at dette berre gjorde godt. Vatnet i lagunen, som er rensa havvatn, var og saa varmt at det omtrent ikkje var nedkjoelande i det heile.

22.februar tok Torunn og eg ein dagstur til ein liten by litt nord for cairns, Kuranda. Me kjoerte
20 min, foer me tok Skyrail, verdens lengste gondolbane paa 7.5 km, over regnskogen. Det var lite folk saa me hadde ei vogn for oss sjoelve og det var virkelig ein flott tur med kjempefin utsikt ned i skogen og til omgivnadane ellers. Det var to stoppar undervegs der me var nede i skogen og gjekk paa stiar der det var informasjon om ulike vekster. Gondolbanen gjekk til den vesle byen Kuranda, som laag midt i regnskogen. Her tilbrakte me nokre timar i souvenirbutikkar. Me hadde egentlig tenkt aa gaa ein tematur der det skulle vere informasjon om korleis aborginarane brukte skogen, og daa me kom der moette me plutseleg ein gejng med aborginarar:) Men dette var ein gjeng med gutar som var fulle og veldig pratsomme, og daa dei skulle same veg som oss, droppa me det heller og snudde. Saa daa blei det lunsj i parken og berre endaa meir souvenirbutikkar:)










Tilbake til Cairns tok me eit turisttog, Kuranda Scenic Railway. Det var eit stilig gammalt tog og ein fin togtur gjennom skogen med fleire fine utsiktspunkt og fossar. Om kvelden moette me tyske Christian, som nettopp hadde komt igjen fraa Cape Tribulation, paa ein pub. Kjekk kveld!

søndag 22. februar 2009

Cairns og Cape Tribulation


Morgonen onsdag 18.feb tok me fly fraa Sydney til Cairns. I Cairns fekk me oss eit fint rom for oss sjoelve naer stranda. Det var sol og veldig varmt aa komme opp hit nord. Cairns var ein liten by med 100 000 innbyggjarar. Det var ein veldig fin og frodig by med masse groent og eg fekk med det foerste ein foelelse av aa vere i Albir i Spania. Nede ved stranda var det ein kjempefin badelagune som me tilbrakte resten av ettermiddagen paa.

Dagen etter hadde me bestilt ein todagarstur til regnskogomraadet Cape Tribulation, litt nord for Cairns. Me blei plukka opp av ein artig guide som heile vegen fortalde baade sanne og usanne krokodillehistoriar og andre historiar fraa regnskogen for aa gire opp stemningen. Etter ein halv times tid stoppa me i ein wilderness park, med blant anna cassowaries, koalabjoernar og kenguruar. Cassowaryen er visst verdens farligaste fugl, den er ca i m hoeg og 60 kg. Den var vanlig aa sjaa langs vegen, men me fekk dessverre ikkje sjaa den i det ville. Ellers mata me kenguruar og wallabies (mindre kenguruar) og stilige fuglar i parken. Wallabies saag me forresten og i det ville, det var heil gjeng av de paa et jorde. Tida sprang fraa oss saa me fekk dessverre ikkje sett de sjeldne sjaa trekenguruane, som hang i trea. Torunn og eg betalte og litt ekstra for aa faa holde ein koala, den var saa soet og god aa holde i!

Etter parken kjoerte me til Mosman Gorge der me gjekk ein sti i regnskogen. Guiden fortalte og me hoerte lydane av allslags dyreliv i skogen. Me fekk beskjed om aa passe oss for hjerteforma blad, som visstnok kunne skape kloe og plager i aarevis. Etter eit avkjoelande bad i ein ferskvannskulp i skogen, aat me lunsj paa ein gatekafe. Her saag m ein av dei velkjente groenne trefroskane, som er motiv paa mange av postkorta her. Den er heilt spygroenn, ein stilig frosk! Ellers lovde guiden gratis dessert, og me var spente. Desserten viste seg aa bestaa av maur. De smakte sterk sitron.

Neste ting paa programmet var krokodillesafari paa Daintree River. Det var daa me saag ein av australias mest sjeldne fuglar som kom flygande rett forbi baaten. Guiden saa me maate heim aa fortelle all bird-nerds at me hadde sett Great Build Harren, som fuglen heitte. Ein fuglekikkar hadde visst brukt 15 aat i omraadet for aa faa auge paa denne. Mens me speida etter krokodillar, saag me ein slange i trea og ellers masse ulike mangrovetre. Plutselig fekk me auge paa ein krokodille som lurte inne i buskane, den var stor og laag heilt i ro og solte seg. Stilig aa sjaa ute i naturen og ikkje berre i ein park.
Til slutt gjekk ferden til Cape Tribulation, der regnskogen faktisk gjekk heilt ned til havet. Me budde paa eit gjestehus i skogen, naer havet. Her var det sinnsjukt med edderkoppar i alle stoerrelsar og fasongar. Torunn og eg turte ikkje dusje etter aa ha tatt eit bad i bassenget som var der, for det var edderkoppar overalt me var saa dumme aa begynne aa studere taket i tillegg. Me hadde og hoert at de minste edderkoppane kunne vere farlige, men ikkje visste me kven som var det. Maa innroemme eg sov litt urolig denne natta, daa eg fleire gonger vaakna og frykta edderkoppar og slangar i senga. Men er merkelig kor fort ein blir toeffare, daa me kom tilbake til Cairns etter turen var det ikkje lenger problem med flygande kakerlakkar for eksempel. Kvelden tilbrakte me med fleire av dei andre som hadde vore med paa samme turen som oss.

Om morgonen sto me opp tidleg og tok eit bad i bassenget. Me hadde tenkt aa leige syklar og sykle litt rundt i omraadet, men resepsjonen anbefalte heller aa gaa. Tre tyske, to jenter og ein gut, slo foelge med oss paa oppdagelsesferden. Med jamne mellomrom kom det skrik fraa Ingvild, daa var det enten ein doed stor frosk eller slange i vegen , ellers saa blei ho stukken av ein mygg. Me saag og ein stor knallblaa sommarfugl. Den blir kalla Ulysses og er og eit av motiva paa postkorta her. Me gjekk helst langs riksvegen, me provde oss paa ein sti i skogen, men det var saa sinnsjukt med mygg saa me snudde. Dei to tyske jentene snudde etterkvart, mens me resten gjekk til ein badekulp, der me fekk oss eit ettelengta avkjoelande bad. Etter ein lunsj paa ein gatekafe, maatte me sei hade til Christian som skulle vere der ein dag til. Me blei plukka opp av samme guiden som hadde vore paa tur med oss dagen foer, og Christian meinte det var tydelig at guiden hadde vore spesielt begeistra for oss norske jentene og var til alle tider der me avr. personlig hadde eg ikkje tenkt paa dette, han var jo 40 og berre ein hyggelig guide. Det som var morsomt daa, var at det foerste han spurte oss om var kva planar me hadde om kvelden og om me ville vere med paa spa paa et 5 stjerners hotell. Han skulle visst uansett gaa, saa det var berre aa slaa foelge. Daa me kom fram til Cairns takka me fint for tilbudet, og sa me var saa svoltne saa maatte nok prioritere mat.

onsdag 18. februar 2009

Sydney




Morgonen den 13.feb ankom me Sydney. Det var ein streng sikkerhetskontroll, der eg holdt paa aa maatte betale 1000 kr i bot, for hadde foerst kryssa ja for at eg hadde med meg noko mat, og etterpaa kryssa ut og heller skreve nei. Dette gjorde eg fordi eg hadde ein chips-pakke, og den tenkte eg ikkje gjekk under mat. Det eg gloemte var at etter eg hadde kryssa av paa dette skjemaet i begynnelsen av flyturen, tok eg med meg restane av frukosten, som inneheldt blant anna eit eple. Dette eple var det visst krise med, eg kunne jo ha stappa alt mulig inni det. Heldigvis hadde eg foerst kryssa ja for mat, saa han la godviljen til. Torunn hadde hamstra toerka mango og bananer for aa bruke opp pengane i Thailand, og bananene blei tatt fraa ho. Bananer kunne innehalde ting som kunne generere andre ting!

Me var innstilt paa veldig varm temperatur, men det var overskya og 20 grader. Det var jo heteboelge der tidlegare, med 45 grader helga foer me kom visst. Saan sett var det veldig mykje bedre med 20 grader. Paa vegen ned til byen kom det ei skikkelig regnsbyge, faktisk litt kjekt aa sjaa regn igjen:)

Det var seks senger paa rommet, og me delte med tre andre kjekke norske jenter. Me oppdaga fort at de fleste andre paa hostellet var ca 18 og foelte oss litt gamle for denne plassen. Det var litt foelkehoegskulefeeling med felles kjoekken, der me kunne lage mat, tv-stove og bar i kjellaren. Me var alle veldig troette, det var eindel turbulens paa turen, saa ingen hadde sove saerlig mykje. Det frista aa legge seg aa sove nokre timar, men sengene var ikkje klare, saa me bestemte oss heller for aa vere med paa ein sigtseeingtur som hostellet arrangerte. Men oga regn blei det heller marked og akvarium som sto paa planen visst. Me blei med paa markedet, men etter det var det plutselig opphold, saa me bestemte oss for aa hoppe av leiskule-opplegget og gaa sightseeing turen aleine. Me gjekk gjennom byen, saag flotte Darling Harbour og gjekk opp i utsiktstaarnet Syney Tower. Her oppe fekk me fint utsyn over heile byen, og fekk og med oss ein 3D film om Australia. Deretter vandra me mot Operahuset, der me fekk flotte bilde av Ingvild og meg i regnponhoane vaare:) Fekk og tatt bilde av Harbour Brigde herifraa. Me konkluderte med at Sydney saag ut til aa vere ein veldig fin og ryddig by (sikkert spesielt etter aa komme fraa Bangkok)!

Dagen etter sov Ingvild og eg litt frampaa foer me moette Torunn i byen. Torunn hadde nemlig hoppa paa et supertilbud fraa ein high quality frisoersalong. Me gjekk litt rundt i butikkar og tok ein tur i Royal Bonaic Gardens i regnponchoane vaare. Det var ein veldig fin park med masse interessante fuglar som spaserte rundt. Me aat deretter lunsj i bydelen Kings Cross, som skulle bestaa av masse bra restaurantar. Det var Valentinesfest paa hostellet om kvelden, men det blei til at me heller sat lenge oppe og snakka med dei tre romveninnene vaare paa kjoekkenet. Denne dagen regna det spesielt mykje og varselet framover var og daarleg. Planen avr aa bruke to av dagane i Sydney paa bystrendene paa Bondi og Manly for aa proeve surfing, men dette saag vanskelig ut pga store boelger. I tillegg hadde det nokre dagar tidlegare vore to haiangrep, eit i Sydney harbour og eit paa Bondi beach. Me var i tvil om me skulle framskynde billetten vaar til Cairns til mandag 16. i staden for 18. daa me egentlig skulle reise fraa Sydney. Etter litt fram og tilbake bestemte me oss for aa gjere det beste ut av det i Sydney, for vaeret i Cairns var heller ikkje meldt saerlig bra, pluss at me fann ut at me hadde god tid fraa Cairns til Brisbane uansett.


15.03 bytta me hostell. Me bestilte dagen foer usett. Det var eit tremannsrom for billigare enn dei to andre nettene, men det viste seg aa vere veldig ekkelt. Det var det eklaste soverommet foerelopig paa turen, med teppe paa golvet. Heile rommet stinka og det var boss under senga. Kjoekkenredskapane var saa ekle at me maatte vaske dei opp foer me brukte noko. De sa de nettopp hadde gassa huset for kakerlakker, saa me ssag heldigvis berre nokon doede.


Etter aa ha sjekka inn gjekk me paa resiebyraa og bestilte ulike turar for Australiareisa vaar og deretter paa Australian Museum. Dette var eit interessant museum med ulike tema. Det var blant anna historie om aborginarane, daa europearane kom til Australia og korleis aborginarane blei behandla av dei. For eksempel blei ungar satt i "kvite" familiar eller paa barneheimar for aa oppdra dei i den "kvite"-kulturen heilt fram til 1970 faktisk. Me fekk og sjaa og lese om ulike dyreartar i Australia. Det mest interessante var selfoelgelig dei farlige dyra, som slangar, haiar, blekksprutar og dei velkjetne "stingers som er paa stoerrelse med ein tennisball. Dette er ein type brennmanet som gjer at du blir drpet smertefullt paa mindre enn ein time dersom den treff deg paa rett plass. Det gaar ikkje an aa bade nord for Brisbane uten stingersdrakt pga desse.

Dagen etter, 16.03, tok me ferje til Manly, som er ein bydel soer i Sydney. Dette var ein flott ferjetur (foruten 5 min med sinnsjuke boelger midthavs) i solskinn (!). Det var faktisk sol og 25 grader heilt til etermiddagen. Me fekk kjempefine bilder av operahuset fraa sjoen. Stranda paa Manly var stengt pha sterke havstraumar og vind, likevel var det nokre proffe surfarar der som sat og studerte. Me gjekk ei fin turrute i omraadet, der noko av turen gjekk i skogen og noko langs flotte klipper. Byggefelta og heile omraadet Manly viste seg aa vere veldig ryddig og fint.I skogen trudde eg at eg saag ein slange, men det viste seg aa berre vere halen av ei kjempestor oegle, som me forresten saag mange av etterpaa. Naer stranda laag det og mange surfebutikkar som me brukte ein del tid i. Billabong, Rip Curl og Roxy f.eks er alle australske merke, og det var butikkar med veldig masse fint!

Tirdag reiste me til Bondi Beach, som er den mest kjente surfestranda i Sydney. Det var ei fin strand her og, men omraadet var ikkje saa flott som paa Manly. Stranda var stengt ogsaa her. Litt kjedlig aa reise paa desse strendene berre for aa sjaa, men saan maate det bli naar vaeret ikkje spelte paa lag. Me shoppa litt, tok buss til et stort kjoepesenter og shoppa endaa meir. Om kvelden var me paa operaforestilling i operahuset. Tryllefloeyten av Mozart! Veldig bra! Operaen paa klasseturen til Skottland paa vidaregaande var ikkje saerleg imponerande i forhold. Her var det mykje meir kostymar, handling og humor, pluss noko kjent musikk. Me var aa spurte nokre dagar tidlegare om kva som gjekk og prisar og fekk beskjed om at me kunne faa billige studentbillettar til denne denne forestillinga dersom me moette opp ein time foer og det fortsatt var ledige plassar. Me pynta oss og moette opp, og fekk heldigvis plass. Me sat midt paa foerste rad oppe og fekk billettar til 1250 kroner til 250!

Bangkok for 4.gong

Back inn Bangkok! Favorittmiddagen i Bangkok kjøpte me på gata - fantastisk pad thai.

Me kom med nattbuss til Bangkok for kl 06. 12.02. Me sov til 11, foer me gjekk for aa proeve kjolane, shoppe litt og gaa paa interentt. Saan ca det samme som me har gjort i Bangkok de siste gongane:) Alle blei i grunnen ganske foernoegde med kjolane til slutt, saa det var bra! Fekk dessverre ikkje tatt bilde av Ingvild med kjolen.











Om kvelden tok Torunn og eg manikyr og pedikyr. Etter livslang neglebiting syns me at me fortjente dette. Eg maatte berre ta bilde etterpaa. Saann ser neglene mine ut no altsaa:)
Torunn og Ingvild moette nokre kjekke canadiarar paa markedet om ettermiddagen, som me traff paa kvelden. Me hadde ein kjekk kveld paa ein live bar og avslutta ute med gitarmusikk og song.

tirsdag 10. februar 2009

Ko Lanta

7.feb tok me baat til Ko Lanta. Me var tidleg ute saa fekk dei kongeplassane heilt foran oppa paa baaten. Turen tok ein time. Me blei hooka av ein som selde gjestehuset sitt paa baaten. Han lovde havutsikt, nye haandklede kvar dag og gratis skyss til sentrum. Det virka litt for bra til aa vere sant, men me slo til paa tilbudet om aa vere med og sjaa. Daa me kom der var det umogleg aa sjaa havet, men han kunne triksene sine han seljaren, for for oss backpackarar som flytter oss heile tida, tar me det meste saa lenge det er billig. Er alltids stress aa finne noko anna og her laag ikkje dei billige resorta paa rekke og rad heller. Forresten saag me ingenting til reine haandklede og gratis skyss heller. Gjestehuset laag paa stranda Long Beach, strand nummer to fraa piren.


Ko Lanta er ei mykje storre oey enn Pipi og me maatte her ta taxi rundt om. Strendene her var mykje stoerre og lengre enn paa Pipi, og det var veldig langgrunt. Det var ogssaa ein del steinar og sanden var meir brun i forhold til paa Pipi. Vatnet var heller ikkje saa klart. Saan sett var det veldig forksjellig fraa Pipi og strendene var finare der! Ellers var det veldig rolig og lite folk paa Ko Lanta og ingen taxi baatar og avgrensa badeplassar. Det var fint paa ein anna maate ein paa Pipi. Begge var frodige, groenne oeyer!


Dagen etter reiste me paa stranda nord for oss, Klong Dao. Dette var familiestranda, saa her var det litt meir folk. Her var det mindre steinar og bedre aa bade. Me bestilte ogsaa snorkletur til Koh Rok dagen etterpaa.


Koh Rok var fantastisk! Oeya ligg soer for Lanta, eit sykke uti havet, saa me matte ta speedboat for aa koma dit. Det tok tim time med speedbaat med 500 hestar. Snorklinga her var hakket bedre enn sist, med fleire fiskar og fleire ulike fiskar. Ingvild og eg saag til og med Nemo:) Men blei litt skuffa for den var saa liten:) Me hadde to timars lunsjpause paa ei strand, som var heilt nydelig! Lunsjen var inkludert i prisen og medbrakt. Det var kylling i roed karri, kjempe godt! Her bada me og solte oss, og Ingvild proevde aa laere Torunn og meg aa staa paa hendene:) det levde nokon dyr her, som dei kalte commandor paa engelsk. Dei var som kjempe store firfirsler, 1-2 m i lengden. Ingvild gjekk naert innpaa for aa ta bilde, etterpaa fekk me vite at dei var farlige.


Tirsdag 10.feb, reiste me tilbake til Bangkok, etter aa hatt ei kjempe fin tid i Soer-Thailand. Me tok buss og ferje fraa Lanta 12.30 og kom til Bangkok kl 06 i gaar tidleg.

Pipi










4.feb tok me baat til Pipi-oeyene kl 09. Ein to timars flott baattur i solskinn. Me innlosjerte oss paa eit gjestehus og tok ein baattaxi til Long Beach, ei strand som skulle vere veldig fin. Det var ei relativt liten strand, som virkelig var fin! Kvit sand og krystallklart vatn! Det einaste som oedela idyllen litt var dei mange taxibaatane som laag paa rekke og rad, men det var berre aa flytte seg til andre enden av stranda. Daa det ikkje var veldig folksomt var ikkje det nokon plassproblemer. Gule og svartstripete fiskar svoemte rundt beina vaare:) Ellers maa eg sei at eg faktisk hadde enda stoerre forventingar til strendene her, saa mange har sagt det er heilt fantastisk i Thailand og spesielt paa Pipi. Det er umogleg aa vere skuffa, for det var virkelig kjempe fint, men eg forstaar kor mange andre flotte plassar eg tidlegare har vore, i Afrika for eksempel, som ikkje er saa kjente og derfor ikkje blir snakka noko om.

På bildet ser de utsikten frå restauranten der me åt frokost, heilt fantastisk!
Sentrum var idyllisk med masse boder og berre gaagater. Ingen bilar! Om kvelden saag me paa nattelivet paa beachen i sentrum. Det var masse diskotek, ungdomar og liv. Pipi er tydelegvis ei festoey. Det var masse bra diskomusikk og daarlige brennande show langs heile stranda. Folk hoppa tau og dansa limbo til brennande tau og stokkar.


Dagen etter reiste me paa ein heildags snorkletur. Me kjoerte Long Tail Boat (type trebaat med lang motor) rundt begge oeyene som Pipi bestaar av, Pipi Don og Pipi Leh, der me stoppa for snorkling tre stader. Det var veldig kjekt og me saag fiskar og korallar i mange ulike fasongar. Likevel var det kanksje ikkje saa mange fiskar og ulike fargar som i Egypt. Me stoppa ogsaa paa tre kjempe flotte strender, Monkey Beach (paa Pipi Don), i Maya Bay og paa Bamboo Island. Bamboo Island ligg nordoest for Pipi oeyene og dette var ei paradis oey! Her aat me lunsj og hadde ein times pause til bading og soling. Her svoemte mange hundretals fiskar i stimar rundt oss! I Maya Bay blei filmen The Beach spelt inn! Meg i Maya Bay under. Solnedgangen nedenfor er frå båtturen tilbake.


6.feb tilbrakte me igjen dagen paa Long Beach. Om kvelden testa me ut utelivet. Me traff mange kjekke australarar (er visst veldig mange av dei!), deriblant to jenter som hadde vore med paa snorkleturen dagen foer. Me fekk oevd litt paa engelsken og hadde ein veldig kjekk kveld!

fredag 6. februar 2009

Krabi



Me ankom Krabi kl 10. foerste februar og fann eit gjestehus naer stranda Ao Nang. Ingvild og eg gjekk rett for aa teste ut stranda, mens Torunn tok ein dag paa rommet pga mageproblemer. Det var ei fin strand og vakre omgivnadar, men litt grov sand og uklart vatn. Men havet var omtrent lunka, veldig deilig. Det blei plutseleg snakka norsk og svensk overalt, og dei selde til og med Dagbladet og Se og Hoer paa dagligvarebutikken. Og grovt broed! Det var veldig kjekt aa ha mulighet til aa kjoepe noko anna enn lys baguett!

Neste dag lurte me paa aa reise til Rayley beach, som var 15 min med baat fraa Ao Nang stranda. Men pga litt mageproblemer valgte me ein dag til paa Ao Nang, og ville heller reise paa Raylei stranda dagen etter heller. Me solte oss, bada, las bok og spelte litt voellyball paa stranda.

Kl 03 paa natta blei me vekt av ei dundring paa doera. Eg hoppa i senga og foerste tanken var at det var ranarar. Me hoerte dundring paa dei andre doerene og eg saag for meg ein heil gjeng med ranarar. Me ropte 'kven er det?' og "kvifor skal me opne?' Daa fekk me svar at det var brann i nabohuset, i ein irsk pub som laag vegg i vegg. Redselen roa seg litt daa. Me tok med oss dei vesle sekkane med verdisakene vaare og gjekk ned. Det var allerede litt roeyk i resepsjonen. me sette oss paa eit gjestehus over gata og foelgde med, men tenkte det var best aa flytte seg i tilfelle noko skulle eksplodere. Me foelgde med litt paa avstand, og det blei meir og meir roeyk og fleire og fleire kom ut av husa naer puben. Det var nesten litt tragikomisk naar ein politibil kom kjoerande med eitt brannslokkningsapparat. Men etterkvart kom det brannbilar til og det blei fort mindre roeyk. Kl 05 ca fekk me gaa opp igjen paa gjestehuset og det var ikkje noko saerleg med roeyk der, saa me slapp aa bytte gjestehus. Me hadde laast doera daa me reiste ut, men no var doera brutt opp. Dette sa mannen som foelgte oss paa rommet var pga at brannfolka hadde brukt rommet vaart til gjennomgang for aa komme paa baksida av puben. Plutseleg ser me at dei store sekkane vaare ikkje e der. Alle tre var vekke. Torunn sin var fullt pakka for ho er saa ryddig, mens Ingvild sin og min nesten var tomme for det meste me hadde laag stroedd utover paa rommet. Kven hadde flytta sekkane og kvifor? Me spurte brannmenne, folk rundtom i resepsjonen og bestyrerinna, men enten kunne dei ikkje engelsk eller saa forsto dei ingenting av kva som hadde skjedd. Me gjekk ut og rundt i omraadet i tilfelle nokon hadde teke dei ut (som var veldig merkelig), men fann ingenting. Konklusjonen blei etterkvart at nokon maatte ha tatt dei. Fraa balkongen vaar og ned paa bakken var det ca 1m, saa det var lett aa stikke av der. Men balkongdoera var laast. Enten maatte dei ha vore to 2 stk eller gaatt ned gjennom resepsjonen. Ingvild sine stropper paa bikinien var klypt i to og me fann stroppene knytta i saman paa golvet. Alt var veldig merkeleg og fortvilelsen begynte aa stige. Bestyrerinna foelgte oss ned paa politistasjonen kl 06, men det var visst ein thai som var drept i omraadet, saa me blei bedt om aa komme igjen kl 08. Det var ingenting me kunne gjere saa la oss til aa sove ein times tid. Kl 08 nlei me bedt m aa komme igjen 11. Me blei henvist til turistpolitet, der me maate skrive anmeldelse og forklare situasjonen. Det virka som eit slapt politi, som besto av berre thaiar og dei forsto heller ikkje her saerlig bra engelsk. Me begynte vel i grunnen aa gi opp haapet, skreiv mail til forsikringsselskapet og planla a kjoepe inn nytt. Eg hadde alle linsene i sekken og tenkte det var det som mest krise for min sin del, men heldigvis hadde dei dailies linser paa ein optikar. Me var troette og leie, saa bestemte oss for aa ete og gaa paa stranda, og heller shoppe seinare. Sidan hovudmistenkte var brannmennene og dei som jobba paa gjestehuset, tok me foerst saken i egne hender og gjekk og saag i kott og ulaaste rom. Me saag og i bakgaarden, dersom noko hadde dutte ut, viss dei hadde kasta dei ut fraa balkongen. Men fann ingenting. Me bestemte oss for aa ete paa gjestehuset over vegen og der laag plutseleg sekkane midt paa golvet i resepsjonen! Eine som jobba der hadde funne dei paa gata og tatt dei inn. Gleden var stor! Men kvifor dei hadde havna paa gata er eit mysterium. Viss dei sto i vegen for brannmennene kunne dei jo berre kasta dei opp i sengene. Me gjekk til turistpolitiet og avslutta saken, og brukte resten av dagen paa stranda. Me foelte oss litt dumme for aa ha beskyldt allslags folk, men det var det eg visste, at thaiar berre er snille folk:)

torsdag 5. februar 2009

Kjolar i Bangkok

Me hadde avtale om aa komme aa proeve kjolane vaare kl 14. Eller skjedde det lite denne dagen, foruten eting, internett og bestilling av tur til Krabi. Me var usikker paa om skulle reise til oeyene paa oestkysten, altsaa Ko Tao, Ko Phangan og Ko Samui eller reise heilt ned til Krabi og oyene paa vestkysten der. Siden regntida akkurat er ferdig, paasto han paa reisebyraaet at var klarast og finast paa oestkysten paa denne aarstida. Men var vanskeleg aa vite, folk hadde sagt saa forkjellig tidlegare. I grunnen var det kanksje litt hips om hops, var nok kjempe flott begge stader. Me valgte altsaa Krabi til slutt og bussen skulle gaa klokka 18.


Med kjolane var ingen heilt foernoegde., og de var heller ikkje laga heilt ferdig. Eg skule ha rynker i chiffong oeverst, men denne groennfargen kraesja veldig med groennfargen i silke, saa dette var ikkje fint! Heldigvis kunne eg faa uten rynker likevel, saan som kjolen var sist eg proevde den. De sa under sist proeving at de anbefalte meg uten rynker, men daa hadde eg jo allerede betalt ekstra for stoffet til desse rynkene, og kunne visst ikkje faa dette igjen, saa daa tenkte eg at de sikkert sa dette for aa spare arbeidet. Saa daa ville eg jo selfoelgelig vertfall ha rynker:) Men no faar eg ein heilt enkel kjole i staden for, haape det blir bra. Me er ikkje saa enkle nokon av oss 3, saa me maa nok kalkulere med eit par dagar i Bangkok foer me reiser til Australia, dersom det skulle vere noedvendig med meir enn ein proeving til.

Cu Chi tunnelane

Torunn og eg hadde dagen foer bestilt ein halvdagstur til Cu Chi tunnelane litt utenfor Ho Chi Minh City. Me reiste tidleg med minibuss den 30 jan. Det viste seg etterkvart at i framsetet sat ein oestlending. Me hadde omtrent ikkje truffe nokon norske paa turen, saa dette var litt kjekt. Han var litt av ein fyr og sikkert ikkje meir enn 35 aar. Han eigde eige forlag og bygde 200 leilighetar i Brasil. Buisnessen gjekk av seg sjoelv, saa han levde livet i Thailand i sine to leilighetar.

Me kjoerte ein time, foer me stoppa paa ein fabrikk der handikappa jobba. Dei brukte smaa eggeskal eller skjellbitar som dei limte paa ein type tre, og laga motiv paa alt fraa bilete, vasar, fruktfat og koppar. Me saag til doemes nokon med knoettsmaa armar i forhold til resten av kroppen og tenkte igjen paa krigen. Me brukte litt litt for lang tid paa aa sjaa korleis dei laga motiva og oppdaga ikkje foer 5 min foer me maatte reise den store tilhoerande butikken der dei selde masse flott. Me kunne tenkt oss aa kjoet noko der, men maatte dessverre reise. Det var forresten veldig dyrt, lurer paa kor mykje kunstnarane fekk av dette.

Cu Chi tunnelane besto av ein 20 mil lange undergrunnstunnelar over tre plan, som vietnamesiske soldatar brukte under krigen. Nedgangane var kamuflerte med jord. Det tok to aar foer amerikanarane oppdaga tunellane. Den eine tunnelen gjekk rett inn i ein amerikansk leir og her gjekk vietnamesane inn nattestid og overraska amerikanarane. Tunnelaane var i utgangspunktet 60 x 60 cm, men nokre var no litt utvida pga turistane. Me proevde aa gaa gjennom ein 20 meter lang tunnel. I periodar maate vietnamesane vere i tunellane i dagar og veker i strekk og daa ligge flatt paa golvet for aa faa nok luft. Det foerste planet av tunnelar innehaldt for eksempel moeterom, kjoekken og sjukestove for skada. Me fekk sjaa alle desse romma, som no avr laga om til museun, med trapp ned i bakken. Rundt i skogen fekk me og sjaa lure feller vietnamesarane hadde laga, der amerikanarane blei spidda paa ulike maatar av bambus og jernstenger. Det var tanks og modellar av soldatane rundt om. Me saag korleis dei brukte bombeskal til aa lage reidskapar og at dei demonterte bomber som ikkje hadde gaat av for aa bruke spengstoffet. Heile den guida turen var veldig interessant og spenannde! Ein stad kunne ein ogsaa betale for aa proeve aa skyte med ulike gevear. Med denne lyden i bakgrunnen blei opplevelsen i skogen spesiell. Det var tydleg at vietnamesarane ikkje var lette aa krige mot til tross for at amerikanarane hadde mykje meir militaert utstyr. Til slutt fekk me smake paa den rotfrukta soldatane aat til alle maaltid.

Klokka 18 same dagen gjekk flyet vaart tilbake til Bangkok. Me hadde avtale om aa komme rett innom for aa proeve kjolane, men me blei spurt om aa komme tilbake dagen etter heller. Me hadde planlagt aa ta buss soerover om kvelden dagen etter, saa dette passa bra sidan me likevel hadde ein dag aa slaa i hel i Bangkok.

tirsdag 3. februar 2009

Mekongdeltaet















Me reiste 08 med tre bussar. Det virka ikkje som det skulle bli som dei to andre organiserte turane me hadde vore paa, der ein blei litt kjekt med alle. Mesteparten av folka paa bussen vaar var vietnamesarar, som var paa nyttarsferie. Eg sat med ein advokat fraa Hanoi, og fekk no svar paa kvifor Hanoi er hovedstaden i Vietnam, til tross for at Ho Chi Minh er ein stoerre by og er den oekonomiske og kulturelle hovudstaden. Han sa at Hanoi i tidlegare tider hadde vore hovedstad, pluss at det byen paa dei tider daa blei kalla betydde flygande drage. (Dragen er jo hellig her.) Daa blei jo dette veldig logisk..

Me kjoerte buss i to timar til Cai Be, og deretter ein elvebaat ein times tid til Vinh Long. Me saag hus og folk som levde langs elvebredden. Undervegs gjekk me i land og saag korleis dei lokale laga riskaker (noko dei lagar vaarrullar av), kokoskarmallar og andre godsaker. Dette var i utgangspunktet veldig interessant, men guiden vaar snakka daarlig engelsk og altfor fort, saa me fekk ikkje med oss alt. Me fekk ogsaa sjaa korleis dei laga poppa ris. Annan kvar dag laga dei poppa ris og popcorn. Deretter moettes alle bussane til lunsj paa ein restaurant med ein kjempe flott hage. Hagen var tydelegvis berre tillaga for turistar paa samme tur som oss, midt blant alle dei lokale fattige.
Fraa Vinh Long tok me buss til Binh Minh, og derifraa ferje til Can Tho. Det var 6 ferjer, og to av dei berre for mopedar. Me var paa ei mopedferje. Det var spesielt aa sjaa saa mange mopedar tett i tett paa det vesle omraadet. Likvel sto dei ikkje saa sild i toenne som folka paa ferja over elva i Gambia. I Can Tho skulle me overnatte og alle paa bussen skulle paa hotell utenom oss.Me blei henta av ein mann som tok oss med til han med taxi. Det var 3 andre som skulle dit ogsaa, saa me lurte paa kor stor heim han eigentlig hadde. Huset hans laag paa ein idyllisk til ved ei sideelv til Mekongdeltaet. Men home stay og home stay; me fekk eige rom med eige toalett, og han sa at han totalt skulle ha 19 gjester denne natta. Eg ville heller kalla det eit gjestehus. Me hadde sett for oss middag med familien og saan, men saag omtrent ikkje noko til dei som budde der. Me var skuffa over opplegget; me hadde jo betalt ekstra for dette og. Men men, det var no koseligare aa bu der enn aa bu paa hotell midt i storbyen Can Tho.




Dagen etter blei me frakta med motorbaat til ein stad der me moette resten av gruppa igjen. Det var frukost klokka 6 og avreise med baat 06.45. Me fekk ein fin morgontur med soloppgangen og saag dei lokale pusse tenner og vaske opp i det brune, sakte renannde vatnet. Dette kunne ikkje vere saerlig hygienisk. Fleire mindre baatar tok oss med paa flytande marked i Can Tho. Dette markedet skulle vere veldig stort med masse baatar, men denne dagne var det faa baatar og skuffande. Det var ingenting i forhold til bileta me hadde sett fraa flytande marked i Bangkok. At det var saa baatar var nok pga ferien, men reisebyraaet hadde ikkje sagt noko om dette. Det flytande markedet skulle jo liksom vere hoegdepunktet paa turen. I tillegg var det andre ting paa planen som ikkje blei gjort. Reisevante finske Kari og Kattri meinte dette var den daarlegaste organiserte turen dei hadde vore paa. Me var einige, sjoelv om me berre hadde to aa sammanligne med foereloepig. Biletet viser fruktpause med Kari (mann) og Kattri etter det flytande markedet. Masse deilig tropisk frukt!

Deretter var det litt meir baat foer lunsj i Can Tho. I baaten snakka me med ein fraa Spania som med kona og sonen paa kankse 12 aar reiste rundt i Asia i8 maanadar. De skulle ha sommarane heime og saa var planen aa gjere dette fem aar framover. Sonen var paa diverse internettkafear undervegs for aa jobbe med skule. Mannen var halv spanjol og halvt kinesisk, mens kona var halvt fransk og halvt vietnamesisk, saa dei meinte dei maatte tilbringe litt tid her i Asia:) Etter lunsjen var det buss til Ving Long, der me brukte ein halv times tid paa marked. Her var det bytte av buss for dei som skulle vidare til Kambodsja. Dette skulle spanjolane blant anna. Ferje og buss frakta oss til slutt tilbake til Ho Chi Minh City.