Me tok buss tidleg morgon den 26.jan til Ho Chi Minh City. Dei feirer kinesisk nyttaar her no og i gaar, den 26. var foerste nyttaarsdag. Byen er fint pynta med allslags i roedt og gult, og det er trommespel og ulik underhaldning i gatene. Dragen er ein av dei hellige dyra i buddhismen, og den ser me overalt, for eksempel som ein blomadekorasjon eller at folk er utkledd som ein drage. "Juletreet" er som vist paa bildet, anten med rosa eller gule blomar. Det er visst mest vanlig med gule blomar her i soer og rosa blomar i nord.
Byen her er veldig oppbygd og veldig forskjellig fraa Hanoi. Hanoi virka som ein fattigare by. Folketallet her er over 5,4 millionar, mot Hanoi 3,5. Litt rart at dette ikkje er hovedstaden syns eg. Det foerste me gjorde var aa besoeke War Remnant Museum, som omhandla krigen USA foerte mot Vietnam. Dette museumet gjorde inntrykk. Blant anna saag me masse grusomme bilete jornalistar hadde teke fraa krigshandlingane, krigsskadde ungar og vaksne, og misdanna ungar foedde etter krigen fordi foreldra var skadde av kjemiske giftstoff. Bomber, vaapen, amerikanskje tanks og fly, og torturinstrument var utstilt. Det var mange gripande historiar aa lese. 3 millionar vietnamesarar doeydde under krigen og det blei sleppt mest bomber her i soer. Me ser mange som for eksempel manglar ein fot, ein arm eller enda verre, her i byen, og etter aa ha vore paa dette museet, veit me kva som sannsynlegvis er grunnen.
I dag vurderte me om me skulle reise paa strand i Ving Tau, ein times tid med ferje fraa byen, eller bruke ein dag til her i byen. Me valde det siste. Foerste del av dagen brukte me paa ein silkebutikk og gjekk og kikka paa eit lokalt marked som var tillaga i samband med nyttaarsfeiringa og den tilhoerande Tet festivalen. Pga denne hoegtida er det ogsaa ein del butikkar og marked som er stengde. Etter lunsj besoekte me The Reunifaction Palace, der ulike presidentar i Soer-Vietnam, fraa tida daa amerikanarane hadde kontrollen her, budde. Eit kjempe palass med 200 rom. Me 3 hadde ein guide heilt aleine, saa kunne spoerre om alt me lurte paa. Romma i huset var mindre interessant syns eg, det som var kjekt var aa kunne faa heile historien om delinga av Soer og Nord- Vietnam, kva som skjedde foer og etter krigen og kvifor det var krig. Me hadde ein del spoesmaal paa forhaand som me fekk svar paa her.
Etterpaa gjekk me og saag ein Notre Dame katedral, foer me sette oss paa ein kafe. Torunn og Ingvild bestile ein fruktdrikk, som det etterkvart har blitt veldig mange av her i Vietnam. Dei lager fantastiske fruktjuicar og smoothies her! Eg bestilte ein eplepai; maalet e jo aa legge paa meg 5 kilo paa denne turen. Og aa ikkje bite negler. Det siste ligge eg bra an med. Neglene er saa lange no at kan kanskje vurdere ein manikyr i soer-Thailand:)
I morgon reiser me paa ein 2 dagars utflukt til Mekong Deltaet. Der skal me ha eit Home Stay, altsaa bu hos ein lokal familie. Det blir spennande. Dei feirer jo nyttaar no, men det er visst ingen problem aa faa besoek av nokon turistar for det. I gaar daa me bestilte turen inviterte ho paa reisebyraaet oss med heim til ho. Familien hennar budde i Mekong deltaet, og ho skulle reise dit i dag. Men ho hadde ikkje noko soveplass til oss, saa daa maatte me ha budd paa eit hotell der nede, og i tillegg tenkte me at hadde vore kjekt aa faatt med seg det andre som er paa planen for denne organiserte turen me endte opp med aa bestille.