mandag 6. april 2009

New York 23. - 29. mars

Eg var rimelig trøtt og svolten når eg kom fram til hotellet kl 10 den 23. mars. Fredrik og eg hadde ulike fly frå Los Angeles til New York, så han hadde komt kvelden før. Etter ei natt på flyet frå Fiji til Los Angeles, tilbrakte eg dagen på flyplassen i L.A. med Torunn og Ingvild. Flyet vårt vidare gjekk ikkje før om kvelden, og me landa i N.Y. tidleg morgon kl 6, etter ei natt uten søvn og noko mulighet for å kjøpte mat. Me skulle bu på ulike hotell, så de reiste med flytog og t-bane, mens eg tenkte det var like greit å ta ein shuttlebuss. Det varte og det rakk, og bussen kom ikkje før to timar. Deretter var det to timar i rushtrafikk, ved sida av ei eldre dame som nekta å flytte seg ein cm sjøl om eg skviste meg ved sida av ho og sat halvvegs utfor kanten.

Fredrik hadde nettopp ete frukost og var i storform. Han hadde funne ein kjempe bra frukostplass rett rundt hjørna, med allslags bagelsar og pålegg. Dette blei den faste frukostplassen vår, og me las seinare at den var kåra til ein av New York beste bagelsshapper.

Hotellet, The Pod Hotel, var eit enkelt, nytt og fancy budsjetthotell i Upper Midtown på Manhattan. Rommet var lite, men med flatskjerm og sånn radio der ein kunne sette ipoden nedi og spele musikk frå den. Etter å ha fått i meg litt mat, hadde eg ikkje sjanse og kubba. Fredrik tok seg ein tur i området for å sjekke ut shoppingmulighetar.

Me fann fort ut at denne byen hadde det meste, også når det gjaldt butikkar. Det var fint vær omtrent heile veka, men kaldt, så varme klede sto på ønskelista dei første dagane. Eg hadde med meg ei fleecejakke, og det var det einaste, så det blei ein del hutring og leiting etter jakke, før eg tenkte at det ikkje fekk vere så nøye og vassa rundt i Fredrik sin altfor store vindstopper. Det var allsalgs typar folk i New York, frå damer i dei nyaste motane til folk som meg som ikkje var så moderne og stilfulle. Ingen skilte seg ut i denne byen.

Om ettermiddagen den første dagen, gjekk me nedover Fifth Avenue, fekk sett og tatt bilde av Empiry State Building, og sette oss til slutt på ein pub. Me hadde på forhånd snakka om at me ville sjå ein basketballkamp i Madison Square Garden og spurte tilfeldigvis bartenderen her kva han trudde om saken, om det var mulig å få tak i billettar og om det var nokon kampar i det heile dei nærmaste dagane. Han sa at einaste heimekampen New York Knicks skulle spele denne veka var nok denne kvelden, og at det var berre å møte opp utenfor litt før start, så var det alltids folk som selde billettar og nesten alltid var dei ekte. Klokka var no 6 og me tenkte at det ikkje skada å gå bort og sjå om det var mulighetar. Det var det, me blei stoppa av to svarte menn som ville selja oss billletar for 100 dollar per stk. Det skulle vere veldig bra plassar og ikkje noko tull. Me tok sjansen, betalte og heldigvis blei me ikkje lurt. Me fekk kongeplassar nær banen på langsida og kampen var ein fornøyelse. Tribunen som var like stor som Brann-stadion, var omtrent fullsatt og det var masse stemning og liv. Dei spelte i fem minutt om gongen ca før det var pause og ulik underholdning for oss publikum; gamle basketballheltar kom på banen og fekk hyllest, nokon frå publikum kasta basketball mot korga og fekk pengar etter kor mange gonger dei traff, eller dei kasta ulike t-skjorter og sånn ut til publikum. Med jevne mellomrom kom òg ei gruppe med flotte jenter med lite klede på banen og dansa. På tv-skjermen i taket intervjua dei ulike kjendisar som dei fann blant publikum og alle jubla og klappa. Rett ved sida av oss var det to stk som gomla på fastfood, og nedenfor oss sat ein familie med to ungar, der alle sammen hadde pommes frittes og kyllingvinger til kveldsmat. I pausen, som delte dei to omgangane, tenkte me òg at me måtte vera litt amerikanarar og kjøpte oss kyllingvinger med pommes frittes.

Dei første dagane brukte me altså til shopping og gåing rundt omkring. Me gjekk langs havna, til Southstreet Seaport der me fekk sett Brooklyn Bridge i solnedgang, og var oppom Wall Street. Me var i Soho, der dei skulle ha dei fleste butikkar for både rik og fattig, og på ulike senter. Century 21 hadde dyre merkeklede til veldig låge prisar og rett utenfor her låg byggeplassen der twintowers for nokre år sidan stod. På BH kjøpte me speglrefleks kamera til mykje lågare pris enn heime. Eigarane til BH var jødar og tv var derfor ikkje noko bra greier, så istaden for å ha tv-spel for ungane i butikken, hadde dei diskar med opne glas sånn at ein kunne sjå øskjene med varene gå bortover eit bånd. Mens seljaren registrerte navnet vårt og sånn, kom plutseleg kameraet ferdig pakka på båndet. Betalinga skjedde i nederste etasje, der øskjene med varene kom sklidande ned. Det var fascinerande å sjå. Logistikken var på topp! Me var grønne på området og sa me var newbeginners første dagen me var der. Seljaren spurte om det var noko som heitte oldbeginners. Me fekk anbefalt eit Canon eller Nixon kamera, og etter å ha gjort litt research på nettet endte me opp med eit Canon kamera då me var tilbake dagen etter.

Torsdag var me på tur i Central Park, såg på minnesmerket til ære for John Lennon og såg på huset der han budde rett utenfor parken. Han blei visst skutt rett utenfor huset sitt. Yoko Ono budde fortsatt i dette huset, Dakota Building, som har ein av dei dyraste adressene i byen. Været denne dagen var litt surt, men eg kan tenka meg at denne parken er flott når den er grønn og det er fint vær! Det var mange fine dammar og små sjøar og blant anna denne flotte brua på bildet. Det krydde av ekorn som var overalt og ikkje særlig redde.

Om kvelden torsdagen var me på Mamma Mia musikal. Eg må innrømma at eg var nok ein av dei få som ikkje var så begeistra for filmen, så eg var spent på musikalen. Kanskje nettopp pga at eg ikkje hadde så store forventningar, så syntes eg musikalen var fantastisk med masse flinke skuespelarar! Eg ville reise meg og danse på slutten, men Fredrik holdt meg fint fast i armen. Men etter to ekstranummer sto heile salen og song og klappa. Fredrik òg. Bildet viser Time Square, som me fekk tatt bilde av på vegen heim, med nyekamerat vårt. Han fyren på bildet såg eg i Dagbladet no at er visst ein av New York største turistattrkasjonar, han spelte i krysset ved Time Square og folk sto i kø for å ta bilde med han:) I Dagbladet sto det at han no hadde utdanna seg til prest og at ein no altså kunne gifte seg der i krysset:)

Fredag tok me ei ferje som gjekk til øya med frihetsstatuen og Ellis Island. Det går visst an å gå inn i frihetsstatuen, men me såg ikkje heilt poenget med det, og nøydde oss med å sjå og ta fine bilde av den frå båten. I tillegg slapp me då køen for å komme seg ut på båten igjen! Heile turen var veldig folksom, og det var kamp om å få ståplass på øverste dekk så ein fekk tatt bilde av frihetsstatuen og Manhattans skyline.

Ellis Island var øya der immigrantane til USA først kom og måtte gjennom legetest og ulike psykologiske testar, før dei fekk koma inn i landet. Dette var no laga om til eit museum, der ein òg kunne søke i arkiv for å finne ut om ein sjølv hadde slektningar som hadde vore innom denne stasjonen. Det var eit interessant museum, der me såg venterommet, sovesal og kunne lese ulike historiar frå kva folk hadde opplevd. Men dei hadde kanskje gjort litt vel mykje ut av ikkje så mykje på ein måte.

Fredagsettermiddag, etter ein lunsj i Chinatown, traff me Torunn og Ingvild og inviterete dei med på standup-show. Me hadde kjøpt billettar på gata og fekk to ekstra billettar med på kjøpet. Eit komikershow i New York var visst et must og det viste seg å bli veldig bra. Me var litt redde for at me ikkje kom til å forstå all humoren, men dette var ingen problem. Nokon snakka litt fort, men stort sett gjekk det greit å få med seg det meste av engelsken òg. Etter showet reiste Fredrik og eg på ein restaurant med syngande servitørar, som me hadde blitt anbefalt å gå på av reisebyrået. Restauranten låg i Broadway rett ved Mamma Mia, og dette var plassen mange jobba før dei fekk jobb i ein musikal. Dei var skikkelig flinke og song og dansa kjente slagerar mens dei serverte. Det var underholdande og kjekt. Etter litt nattmat her, reiste me på ein jazz-klubb, Blue Note, som skulle vere ein av USA`s beste. Dette var noko Fredrik meinte me òg måtte få med oss i New York.

Lørdag ettermiddag reiste me over til bydelen Brooklyn, for å besøke Brooklyn Brewery. Fredrik hadde blitt anbefalt å ta turen hit, og han skal jo begynne med eige bryggeri, så han har blitt veldig interessert i ulike øl-typar. Me sulla litt i butikkar før me kom oss avgårde, så når me endelig kom fram der var det dessverre stengt. Brooklyn såg ut som å vere ein heilt anna bydel enn Manhattan, med mykje mindre folk og hus, det var nesten som det var litt skummelt å bevege seg aleine der i skumringen, og taxi kom det jo aldri. Rundt bryggeriet var det ingenting, me trudde kanskje dei hadde ein tilhørande pub i området, men det såg ikkje sånn ut, så me begynte å gå nedover igjen og gjekk innom på nærmaste pub. Bartenderen der kunne fortelle oss at det var ein t-bane stasjon ikkje langt unna, så då kom me oss trygt tilbake til Soho. Der tok me oss heller ein bedre middag på ein resturant med kokkestudentar frå French Culinary School New York.

Søndag kveld tok me fatt på begynnelsen av reisa heim. New York hadde vore fantastisk! 3 månadar jorda rundt hadde vore fantastisk! Så då var klar for påskeferie og kanskje litt planlegging av neste tur..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar