mandag 23. mars 2009

Brisbane 5-6 mars

5.mars tok me buss til Brisbane. Her moette Liam oss paa busstoppen. Me moette Liam og kjaeresten Laura paa ein buss i Thailand, og de sa me berre kunne bu hos de i Brisbane viss me skulle dit. Og i Byron Bay, som er ein ein liten surfeby litt lenger soer, kunne me bu hos faren, lovde Liam. I Byron Bay var planen aa surfe, og etter at eg hadde framskynda billetten min til Fiji, fekk eg 5 dagar der, mens Torunn og Ingvild fekk 8. Egentlig saa var eg ikkje saa interessert i heile surfinga, saa etter aa ha sett ein brosjyre for ein organisert tur til Outbacken, oerkenomraadet mitt i Australia, tenkte eg etterpaa litt paa aa reise paa denne aleine. Daa eg nevnte dette blei Torunn og litt gira, saa me sjekka ut litt og fann ut at dette var mulig. Ingvild var veldig i tvil, ho ville dette og, men samtidig var ho den av oss som virkelig hadde sett fram til aa proeve aa surfe. I Hervey Bay ringte ho Liam og hans gejstfrihet og alternativt opplegg til Outbacken, gjorde at ho bestemte seg for aa heller vere i Brisbane og Byron Bay. Torunn og eg bestilte fly til Alice Springs og 3 dagars tur i Outbacken.

Torunn og eg maatte paa reisebyraa i Brisbane og hente billettane til turen, saa Ingvild og Laura kjoerte bil og reiste til huset med sekkane, mens Torunn, Liam og eg gjekk gjennom byen og tok ferja paa elva gjennom byen. Ein fin ferjetur i solskinn!

Liam hadde faatt dreads i det lange haaret sitt sidan sist i Thailand, og han ser virkelig ut som prototypen paa ein backpacker. Han advarte oss om at ikkje alt var komt i orden i huset etter at de hadde komt heim fraa Asia, men at iallefalll kjoekkenet og badet var ok. Spoer du meg var ingenting i orden! Kjoekkengolvet var fullt i av matrestar og soverommet fullt av rot og ting! Om kvelden gjekk me ut og aat i lag, Laura, Liam, oss og ein til som budder der, og etterpaa tok me eit kveldsbad i bassenget i sentrum.

Eine enden av sofaen var opptatt av ein irsk fyr som Laura og Liam òg hadde gitt husrom til. Liam sa han hadde to madrassar og at ein av oss kunne ta andre halvdelen av sofaen. Det var vel ingen av oss som haddde spesielt lyst til det, saa naar han sa han hadde to lignande hagestolmadrassar og, var me glade for dette. Saa daa laag me der alle 3, paa golvet ved sida av dobbelsenga til Laura og Liam. Snakk om gjestfrihet.

Kl 05 6.mars kjoerte Liam Laura paa jobb, og deretter Torunn og meg paa flyplassen. Me skulle fly til den vesle byen Alice Springs.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar