onsdag 11. mars 2009

Harvey Bay

1.3 kom me til Harvey Bay. Me hadde bestilt 3 dagars tur til Fraser Island og der var 2 netter overnatting inkludert. Hostellet var fint med veldig kjekke, serviceinnstilte folk, Denne dagen brukte me paa stranda. Her var det faktisk mulig aa bade, for Fraser Island gjorde visst saann at ingen stingers kom inn hit.

Fraser Island er verdens stoerste sandoey, og det som var spesielt var at det vokste regnskog oppaa sanden. Opplegget paa turen var at me skulle kjoere rundt i jeep med firhjulstrekk paa oeya og overnatte i telt. Det var orienteringsmoete om kvelden der me blei delt inn i to grupper, der kvar gruppe hadde kvar sin bil. Me tre jentene, Johanna fraa Austerrrike, Sebastian fraa Tyskland og to svenske jenter var i vaar bil. Den andre bilen var dominert av galne britar, saa foerste tanke var at det var dumt Sebastian kom i vaar jentebil, men Sebastian viste seg aa vere rolig og passe inn med oss jentene som satsa paa aa kjoere fint og trygt. Ein maatte vere over 21 aar for aa kjoere og det var berre oss 3 norske som var dette. Eg hadde lagt igjen foererkortet mitt heime i Norge, saa det blei Torunn og Ingvild som blei sjoefoerane.

Det var avreise morgonen 2.mars etter innstruksar korleis me skulle kjoere og bruke bilen. Foerst maatte me paa butikk for aa kjoepe mat og drikke, foer me tok ferja over til oeya. Me kjoerte paa sandete vegar i skogen og hardpakka strender og hadde faatt ein reiseplan der det sto kor me skulle kjoere og vere til ei kvar tid. Det var viktig aa halde denne planen pga tidevannet som gjorde at me berre kunne kjoere paa stranda fraa 7-10 og 14-17. Det blei ein del utproeving av dei ulike gira, foer me begynte aa faa litt peiling. Den andre bilen var for det meste proevekaniner av vegane, og dei syns berre det sto til aa kjoere seg fast og dytte. Eg tenkte paa Geir Ove og Sebastian og gjengen, dette hadde virkelig vore ein tur for dei!

Me besoekte Lake Wabby, som me maatte gaa ein halv times tid innenover i regnskogen for aa komme til. Dette var ein fin groenn innsjoe. Det var skog paa alle sidene, foruten ei side med ei stor sanddyne. Sanddyna gjekk rett ut i vatntet og ned langs den blei det gjort ulike sprell av britane foer dei hoppa i vatnet. Ingvild hadde med volleyball. Wabby mot Doggie, som bilane vaare heitte. Me var Wabby. Wabby tapte:(

Me overnatta i telt bak ei sanddyne paa stranda. Kokeutsyr hadde me med i bilen. Etter aa ha ete og alle sat i ring og ante fred og ingen fare, skreik plutselig ei av jentene ut: A Snake! Eg kan ikkje huska korleis eg kom meg paa beina fraa aa vere liggande, men det gjekk vertfall fort. Daa var det ein stor, svart, sikkert naernare 1m lang slange som bevegde seg i sanden, rett ved der eg hadde hatt beina mine. Den bevegde seg i retningen mot der nokre av oss sto, og me hoppa inn i bilen og lukka doerene. Etter litt fekk me beskjed av nokon toeffe som sto og betrakta den at den var bevegd seg over sanddyna, og me turte aa gaa ut igjen. Paa informasjonsmoetet paa hostellet hadde me blitt fortalt at det skulle noko til aa sjaa ein slange, men her kom den jo til oss til og med. Slangar skulle jo egentlig vere redde for folk og braak! Det var merkelig og ekkelt. Ingen av oss hadde peiling paa om den var giftig eller ikkje! Einaste me visste var at 7 av 10 av dei mest giftige slangane i verden finn ein i Australia! Heldigvis hadde me telt og skulle ikkje sove under open himmel! Ho eine svenske jenta slei spysjuk og maatte ut og spy mange gonger om natta. Fleire gonger kom det skrik, den eine gongen skuldast det at slangen var tilbake i leiren vaar!

Elles skuldast skrikene dingoar. Dingoen er ein vill hund. Me saag lite til dei paa dagen, men om natta luska dei rundt leiren vaar. Me hadde faatt instruksar og det var masse skilt om at ein maatte passe godt paa all mat pga alle dingoane paa oeya. Den andre bilen var saa lausslupne naar det gjaldt lok paa kjoelebagen og doerene paa bilen, saa Wabby lo litt for oss sjoelve naar dei om morgonen kom og saa til oss at alt kjoetet deira var vekke. Men litt etter fann me ut at vaart og var vekke:/ Det sto visst igjen ein kjoelebag som folk brukte til aa sitte paa ute om natta...

3.3 kjoerte me nord paa oeya til Indian Head, med flotte klipper og utsikt over havet. Her skulle vere ein bra plass aa sjaa haiar og kvalar, men me saag dessverre ingen. Derimot saag me svaere rokker, den type fisk som drepte den kjente, australske krokodillejegeren Stewe Irwin. Me gjekk saa ned paa andre sida av Indian Head og fortsatte langs ei strand der, til Champagne Pool. Dette var einste plassen paa oeya det gjekk an aa bade i havet. Dette pga stingers og masse haiar! Dette var eit lite naturlig basseng, der boelger splaesja over steinane som avgrensa bassenget fraa havet utenfor. Det var virkkelig flott der. Paa vegen tilbake, soerover paa oeya mot neste camp, stoppa me ved den attraksjonen som er mest kjent paa Fraser Island; et stort, flott skipsvrak fraa 1935.















Morgonen etter sto me opp 06 for aa komme til Lake McKenzie foer det blei altfor folksomt der. Me var dei foerste som kom og innsjoeen var heilt fantastisk! Sanden var krittkvit og sjoeen krystallklar! Ein som hadde reist masse, saa han meinte denne var fiinare enn alt han hadde sett i baade Thailand og paa Fiji. Seinare fekk me og hoere nokon som meinte den var finare enn Whitehaven Beach, saa daa gjekk me kanskje ikkje glipp av noko likevel paa seglturen. Her tilbrakte me nokre timar og spelte remachen til volleyballkampen to dagar foer. Denne gongen vant me, Wabby!
Halv tre gjekk ferja tilbake til fastlandet. Turen hadde vore kjempe kjekt, eller som Sebastian ville sagt; awesome!

1 kommentar: