torsdag 15. januar 2009

To til dagar i Chiang Mai

Etter trekkinga bestemte me oss foer aa bruke to dagar til i Chiang Mai. Maandagskveld booka me ein tur med gruppa fraa Ungarn og Holland, som me hadde vore paa trekking med, til landsbyen Padong. Her skulle me sjaa kvinner med metallringar oppover halsen. Jentene fekk dei foerste ringane paasatt naar dei var i seks aars alderen og fleire etterkvart som dei blei eldre. Max antall ringar var 35. Dette blei gjort for utsjaananden sin skuld; etterkvart som fleire ringar blei saatt paa ville halsen naturlegnok bli strekt ut og lengre. Det var ikkje lenger slik at kvinnene maatte gaa med desse ringane, men fortsatt blei det sett paa som aa vere "det beste", saa mange foelte nok dette presset. Guiden fortalte at i Thailand lever det no fem slike "Long Neck- stammer", som egentleg kjem fraa Burma. Dei som budde i Padong, hadde laga til eit stort marked, der kvinnene paa ein maate sat paa ustilling og lot oss turistar taa bilete, samtidig som dei proevde aa selje ting. Pengane sende dei til familiane i Burma. Ungane fekk ikkje gaa paa skule her i Thailand, saa foreldra i landsbyen maatte undervise dei sjoelve. Sjoelv om dette var litt som aa gaa i ein dyrepark, og veldig turistifisert, var dette likevel ein interessant opplevelse. Resten av maandagen brukte me til aa bestemme ferden vidare og sole oss litt ved bassenget paa Nice Place. I staden for planen om aa reise til Kambodsja, blir det no Vietnam. Me flyr til Hanoi, i nord - Vietnam paa fredag 16. og bruker to veker nedover langs kysten av Vietnam. Fraa Ho Chi Min City flyr me saa tilbake til Bangkok. Grunnen til at at me valgte vekk Kambodsja er at vegen fraa grensa til Kambodsja, visstnok er forferdelig.

Onsdag tok me ein tuk-tuk til Chiang Mai Zoo. Det var dei utryddningstrua pandabjoernane som skulle vere der som gjorde at me tok turen. Pandabjoernane var kjempesoete! Dei var komt fraa Kina, som er det einaste landet der pandabjoernar lev, for aa vere i denne dyrehagen berre for ei kort stund. Ellers var det ogsaa mange andre interessante dyr aa observere. Om ettermiddagen gjekk Ingvild og eg til frisoer, og eg tok ein thai-massasje paa samme plass som sist. Ho massajedama var saa koseleg, og me lovde aa komme tilbake dit dersom me paa nytt kom tilbake til Chiang Mai. Frisoerdama var derimor ikkje saa hyggeleg, og vask og klipp var gjort paa 15 min. Jaja, fekk no vertfall vekk dei slitte haartuppane. Klokka 18 gjekk bussen tilbake igjen til Bangkok. Denne bussturen var bahageligare enn sist, og det var ikkje saa masse folk, saa fekk til og med to sete kvar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar