torsdag 22. januar 2009

Hue


Et skittent tog frakta oss til byen Hue, soerover i Vietnam. Ein 12 timars togtur. Me valde soft-sleeper, som betyr 4 stk i ein cupe, og var heldige som havna med ei jente fraa New York som ikkje snorka. Til tross for veldige masse humping, sov eg ganske godt. Ingvild stakkar sov berre to timar. Hue var ein triveleg, mindre stoeyande og reinare by enn Hanoi. Den var jo ogsaa mykje mindre enn Hanoi. Me kom til Hue klokka 10.30 og fekk oppholdt bagasjen paa et gjestehus; me hadde nemleg bestilt et nytt natt-tog til badebyen Nha Trang om natta. Temperaturen her var betrakteleg mykje varmare enn i Hanoi, sikkert rundt 30 grader.

Det var sol og fint og me tok ein baat paa elva Perfume River, som gaar igjennom byen. Baaten tok oss foerst til ein fiskelandsby, der familiane budde i fiskebaatane sine. I tillegg hadde mange ein liten robaat som dei brukte naar dei skulle handle paa andre sida av elva for eksempel. Deretter frakta baaten oss til Thien Mu Pagoda, som var den stoerste pagodaen i byen. Me er litt usikre paa kva ein pagoda er, men det er vertfall noko tempel-lignande. Denne pagodaen blei i 1963 verdenskjent, fordi ein munk herifraa brant seg sjoelv til doede i protest mot styresmaktene sin diskrimenring mot buddhistane. Baaten sette oss til slutt av i The Citadel, som inneheldt ruinane av gamlebyen Hue, som tidlegare var hovedstaden i Vietnam. Berre nokre faa bygningar sto her igjen etter alle bombeangrepa.

Om ettermiddagen sat me paa kafe og bestilt oss bananpannekake med sjokoladesaus. Me tok to cyclo-ar til andre sida av byen for aa sjaa litt der. Ein cyclo er ein sykkel med eit behageleg sete frampaa, der me sat. Ein vietnamesar sykla. Eg sat aleine paa ein, mens Ingvild og Torunn sat i same. Lasten paa sykkelen min var nok litt lettare, saa eg kom litt framfor dei andre og saag dei til slutt ikkje igjen. Det var ikkje saa kjekt, for eg hadde ikkje bok som viste kor me skulle av. Eg tenkte likevel at mannen som sykla sikkert hadde kontrollen. Det hadde han ikkje heilt, saa etterat me hadde venta ei stund ein plass der, dukka plutselig han som sykla Torunn og Ingvild opp og fekk oss heldigivis på rett veg. Alt gjekk altsaa fint, men ein periode var eg litt redd for om var blitt kidnappa...

Resten av kvelden brukte me til middag og internett, og proevde aa slaa i hel den lange ventetida til nattoget. Det skulle ikkje gaa foer 01.30. Denne gongen hadde me valgt ein hardsleeper, for aa spare litt pengar, saa me var spente paa forskjellen mellom ein softsleeper og hardsleeper.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar