fredag 23. januar 2009

Natttoget og Nha Trang

Daa me fann kupeen vaar paa nattoget var det allerede tre stk som laag og sov der. Forskjellen paa hardslepper og softsleeper viste seg aa vere 6 senger i staden for 4 paa same areal. Det var altsaa 3 senger i hoegden. Det lukta ekkelt. Han eine reiste seg og gjekk ut naar me kom inn. Det var tydeligvis ein som jobba paa toget. Dei to andre, ein gut og ei jente, hadde heldigvis lagt seg i dei to oeverste sengene, saa me slapp aa klatre opp over dei. Den eine senga var det ikkje sengklede til, saa me "shaka" (spelte stein, saks og papir) om kven som skulle liggja i den oppvarma senga. Det blei meg. Sengesetta blei nok sjeldan vaska uansett, saa ein til eller fraa som hadde lagt i senga mi betydde vel i grunnen ikkje saa mykje. Takk for lakenposen. Toget skulle ikkje koma til badebyen Nha Trang foer klokka 13, saa me sov saa lenge me klarte og ellers var det umogelg aa gjere noko anna foruten aa liggja i senga og vente. Det gjekk ikkje an aa sitja oppreist i senga og den 1,5 km2 store golvplassen var full av sekkar. Han i oeverste koeien over meg laag og feis eggefisar og lukten bredde seg i heile rommet. Torunn var steik forbanna. Klokka 13 tok eg berre paa meg sekken og spaserte ut i nattskjorta. Det var dusjing som sto foerst paa planen uansett etter to netter paa skitne tog.

Varmen slo mot oss. Etter aa ha dusja, begynte energien aa gaa tapt, ettersom me berre hadde ete kjeks og ingenting til frukost. Det blei ein lunsj i taushet. Etter mat tenkte me aa sjekke ut stranda. Me blei litt skuffa; det var mykje bos paa stranda og veldig skite vatn. Derfor bestemte me oss foer aa reise vidare kvelden etter til den vesle byen Mui Ne, litt lenger soer. Her skulle strendene vere mykje finare og vatnet klarare, pluss at vaeret skulle vere meir stabilt fint. Me gjekk paa kafe og bestilte bussbillettar, og alle var glade foer at det ikkje blei fleire nattog.

Dagen etter var vaeret overskya, men temperaturen var likevel saa bahageleg at me laag paa stranda paa solseng og leste bok omtrent heile dagen. Me tok ogsaa kvar vaar joggetur paa stranda. Temperaturen i havet var veldig behageleg og perfekt for bading. Klokka 08.30 sette me oss paa bussen til Mui Ne.

3 kommentarer:

  1. Hehe, eg ser for meg ei forbanna Torunn kvar gong han fyren sleppe eggefisane. Herlig! :) Men du veit, det er sånn som gjer gode historiar ;) Ein må lida litt for dei.

    SvarSlett
  2. Hehe, heilt sant, syns egentlig den turen var ganske morsom, men maatte holde det litt for meg sjoel;) Kunne tenkt med den transibirske jernbanen, trur det kunne blitt mange bra historiar;)

    SvarSlett
  3. Det har eg og tenkt på :) Hadde vore artig å reist ein sommar f.eks ;)

    SvarSlett