tirsdag 27. januar 2009

Mui Ne

I Mui Ne laag det flotte resort paa rad og rekke langs stranda. Me forsto ikkje kor dei lokale budde, men det viste seg at me berre var i ei turistgata og byen Mui Ne laag nokre km unna. Gjestehuset vaart var flott med tropisk hage, og laag rett ved havet. Me foelte no at me var komt til tropeland, i forhold til Nha Trang som kunne vore ein hvilken som helst sydenplass. Om morgonen dagen etter me kom, bytta me gjestehus til nabogjestehuset som var mykje billlegare, og her var det til og med basseng. Rommet var ikkje saa fint kanskje, men kjekkare med basseng enn fint rom.

Det foerste me gjorde etter aa ha innlosjert oss, var aa gaa langs stranda. Her saag me fiskarar som reinska garnet sitt og nokon stader deltok heile familien. Etter aa ha gaatt ei stund, var det fullt i kitar paa himmelen. Me hadde hoert at Mui Ne var plassen for vindsurfing og kiting, men me hadde ikkje sett for oss saa mange. Det var full fart i alle retningar og mange kitarar hoppa sikkert over 10 m i hoegden. Dette var tydelegvis ikkje staden for nybyrgjarar. Me blei saa fascinerte, kjoepte solsenger paa eit resort med havutsikt rett ved, og laag og studerte triksene deira. For soling blaaste det litt mykje i lengden, og det var i grunnen litt for store boelgjer aa bade i, men Mui Ne var ein idyllisk nybygd turiststad. Ingvild blei gira for ho hadde vindsurfa ein del tidlegare. Ho blei oppfordra til aa starte tidleg paa morgonen for daa var det minst vind. Torunn ville paa ein utflukt for aa sjaa roede og kvite sanddyner, og eg tenkte at det kanskje var kjekt med ein tur i omraadet, sjoelv om eg jo har vore i Sahara. Torunn og eg bestilte derfor denne turen til morgonen etter.

Det var avreise fraa hotellet 05.30 med aapen jeep. Berre Torunn og eg og ein sjaafoer. Me tok bilete i soloppgangen og sklei paa brett nedover dei kvite sanddynene, besoekte ein fiskelandsby og saag ein ikkje saa imponerande elvestroem. Paa vegen opp paa dei kvite sanddynene, saag me masse slangespor i sanden, saa eg var egentlig glad daa me sette oss i jeepen igjen. Me var tilbake paa hotellet 08.30 og hadde hatt ein fin morgontur.

Ingvild hadde blitt henvist til ei anna del av stranda der det var mindre vind, saa Torunn og eg tok ein taxi dit. Ho var skuffa for ho hadde trudd ho var bedre enn det viste seg, aa vindsurfe. Ho var vant til aa ha foelgebaat og kjoere den veien der vinden blaaste, saa det var mykje vanskelegare naar ho skulle svinge sjoelv. Men Torunn og eg syns ho var flink! Det var grunt vatn langt utover og saag veldig kjekt ut, saa Torunn og eg og ville proeve, men dessverre sa han som dreiv plassen at var altfor mykje vind for nybyrjarar. I staden bada og solte me oss resten av dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar