søndag 4. januar 2009

Hong Kong

Daa var me endeleg i gang med den store reisen vaar. Me kom til Hong Kong i dag tidleg klokka sju etter to lange netter, ei paa kalde Gardermoen og ei paa flyet. Her er det sol og 18 grader, saa har vore behagelig aa ga rundt og utforska byen, til tross for at me alle er ganske slitne i dag. To veldig hyggelige filippinske damer hjelpte oss aa finne vegen fra flyplassen og ned til sentrum og foelgte oss nesten heilt fram; dei skulle til Disneyland for aa ta bilde utenfor:) Det var for dyrt aa betale seg inn. Me bur paa Kowloon-sida av byen, i Nathan Road (midt i den stoerste turiststreeten) paa eit shabby forhaandsbestilt hostell. Heile huset er tydeligvis fyllt av ulike smaa hostell. Det er visst to bygg som huser dei fleste backpackarane i byen. I foelge reiseboka vaar bur me paa det beste, der er det visst reinare og ikkje tak, saa det lukter mindre...Men me har eget rom og bad, saa er fornoegde. Etter aa ha sjekka inn tok me Star Ferry over til Hong Kong Island, der me tok ein Floeybanelignande bane oppober fjellsida til Victoria Peak. Her fekk me ei fantastisk utsikt over byen og alle dei hoege skyskraparane. Det skulle visst vere ein fin gaatur ned igjen, men me  bestilte tur-retur billett. Alle foelte omgivelsane bevegede seg inni mellom, saa me var ikkje gira på noko fjelltur. Ellers er Hong Kong ein by med veldig (!) masse folk, og inneheld nokon av dei mest befolka omraada i verda, med 100 000 menneske per kvadratkilometer! Ikkje saa rart kansje naar skyskraparane er over 100m. For aa komme tilbake til havna maatte me ta ein buss. Dette var kanskje min favoritt attraksjon, daa me i nattemoerket sat under open himmel med hovudet lent bakover. Den hoegaste byningen var paa 84 etasjar, og dei heldt paa med ein som skulle bli 120! Fasinerande.

Etter tolv timars lang natt var alle klare for ny dag i Hong Kong. Me bestemte oss for aa ta turen til Lamma Island, ein halv times baattur fraa sentrum. Her gjekk me ein tur rundt oeya og saag paa langsbylivet, med ein lang pause paa ei fin strand. Om ettermiddagen tok me ein trikktur, saa me fekk sett litt meir av byen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar