fredag 6. februar 2009

Krabi



Me ankom Krabi kl 10. foerste februar og fann eit gjestehus naer stranda Ao Nang. Ingvild og eg gjekk rett for aa teste ut stranda, mens Torunn tok ein dag paa rommet pga mageproblemer. Det var ei fin strand og vakre omgivnadar, men litt grov sand og uklart vatn. Men havet var omtrent lunka, veldig deilig. Det blei plutseleg snakka norsk og svensk overalt, og dei selde til og med Dagbladet og Se og Hoer paa dagligvarebutikken. Og grovt broed! Det var veldig kjekt aa ha mulighet til aa kjoepe noko anna enn lys baguett!

Neste dag lurte me paa aa reise til Rayley beach, som var 15 min med baat fraa Ao Nang stranda. Men pga litt mageproblemer valgte me ein dag til paa Ao Nang, og ville heller reise paa Raylei stranda dagen etter heller. Me solte oss, bada, las bok og spelte litt voellyball paa stranda.

Kl 03 paa natta blei me vekt av ei dundring paa doera. Eg hoppa i senga og foerste tanken var at det var ranarar. Me hoerte dundring paa dei andre doerene og eg saag for meg ein heil gjeng med ranarar. Me ropte 'kven er det?' og "kvifor skal me opne?' Daa fekk me svar at det var brann i nabohuset, i ein irsk pub som laag vegg i vegg. Redselen roa seg litt daa. Me tok med oss dei vesle sekkane med verdisakene vaare og gjekk ned. Det var allerede litt roeyk i resepsjonen. me sette oss paa eit gjestehus over gata og foelgde med, men tenkte det var best aa flytte seg i tilfelle noko skulle eksplodere. Me foelgde med litt paa avstand, og det blei meir og meir roeyk og fleire og fleire kom ut av husa naer puben. Det var nesten litt tragikomisk naar ein politibil kom kjoerande med eitt brannslokkningsapparat. Men etterkvart kom det brannbilar til og det blei fort mindre roeyk. Kl 05 ca fekk me gaa opp igjen paa gjestehuset og det var ikkje noko saerleg med roeyk der, saa me slapp aa bytte gjestehus. Me hadde laast doera daa me reiste ut, men no var doera brutt opp. Dette sa mannen som foelgte oss paa rommet var pga at brannfolka hadde brukt rommet vaart til gjennomgang for aa komme paa baksida av puben. Plutseleg ser me at dei store sekkane vaare ikkje e der. Alle tre var vekke. Torunn sin var fullt pakka for ho er saa ryddig, mens Ingvild sin og min nesten var tomme for det meste me hadde laag stroedd utover paa rommet. Kven hadde flytta sekkane og kvifor? Me spurte brannmenne, folk rundtom i resepsjonen og bestyrerinna, men enten kunne dei ikkje engelsk eller saa forsto dei ingenting av kva som hadde skjedd. Me gjekk ut og rundt i omraadet i tilfelle nokon hadde teke dei ut (som var veldig merkelig), men fann ingenting. Konklusjonen blei etterkvart at nokon maatte ha tatt dei. Fraa balkongen vaar og ned paa bakken var det ca 1m, saa det var lett aa stikke av der. Men balkongdoera var laast. Enten maatte dei ha vore to 2 stk eller gaatt ned gjennom resepsjonen. Ingvild sine stropper paa bikinien var klypt i to og me fann stroppene knytta i saman paa golvet. Alt var veldig merkeleg og fortvilelsen begynte aa stige. Bestyrerinna foelgte oss ned paa politistasjonen kl 06, men det var visst ein thai som var drept i omraadet, saa me blei bedt om aa komme igjen kl 08. Det var ingenting me kunne gjere saa la oss til aa sove ein times tid. Kl 08 nlei me bedt m aa komme igjen 11. Me blei henvist til turistpolitet, der me maate skrive anmeldelse og forklare situasjonen. Det virka som eit slapt politi, som besto av berre thaiar og dei forsto heller ikkje her saerlig bra engelsk. Me begynte vel i grunnen aa gi opp haapet, skreiv mail til forsikringsselskapet og planla a kjoepe inn nytt. Eg hadde alle linsene i sekken og tenkte det var det som mest krise for min sin del, men heldigvis hadde dei dailies linser paa ein optikar. Me var troette og leie, saa bestemte oss for aa ete og gaa paa stranda, og heller shoppe seinare. Sidan hovudmistenkte var brannmennene og dei som jobba paa gjestehuset, tok me foerst saken i egne hender og gjekk og saag i kott og ulaaste rom. Me saag og i bakgaarden, dersom noko hadde dutte ut, viss dei hadde kasta dei ut fraa balkongen. Men fann ingenting. Me bestemte oss for aa ete paa gjestehuset over vegen og der laag plutseleg sekkane midt paa golvet i resepsjonen! Eine som jobba der hadde funne dei paa gata og tatt dei inn. Gleden var stor! Men kvifor dei hadde havna paa gata er eit mysterium. Viss dei sto i vegen for brannmennene kunne dei jo berre kasta dei opp i sengene. Me gjekk til turistpolitiet og avslutta saken, og brukte resten av dagen paa stranda. Me foelte oss litt dumme for aa ha beskyldt allslags folk, men det var det eg visste, at thaiar berre er snille folk:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar