Me reiste 08 med tre bussar. Det virka ikkje som det skulle bli som dei to andre organiserte turane me hadde vore paa, der ein blei litt kjekt med alle. Mesteparten av folka paa bussen vaar var vietnamesarar, som var paa nyttarsferie. Eg sat med ein advokat fraa Hanoi, og fekk no svar paa kvifor Hanoi er hovedstaden i Vietnam, til tross for at Ho Chi Minh er ein stoerre by og er den oekonomiske og kulturelle hovudstaden. Han sa at Hanoi i tidlegare tider hadde vore hovedstad, pluss at det byen paa dei tider daa blei kalla betydde flygande drage. (Dragen er jo hellig her.) Daa blei jo dette veldig logisk..
Fraa Vinh Long tok me buss til Binh Minh, og derifraa ferje til Can Tho. Det var 6 ferjer, og to av dei berre for mopedar. Me var paa ei mopedferje. Det var spesielt aa sjaa saa mange mopedar tett i tett paa det vesle omraadet. Likvel sto dei ikkje saa sild i toenne som folka paa ferja over elva i Gambia. I Can Tho skulle me overnatte og alle paa bussen skulle paa hotell utenom oss.Me blei henta av ein mann som tok oss med til han med taxi. Det var 3 andre som skulle dit ogsaa, saa me lurte paa kor stor heim han eigentlig hadde. Huset hans laa
g paa ein idyllisk til ved ei sideelv til Mekongdeltaet. Men home stay og home stay; me fekk eige rom med eige toalett, og han sa at han totalt skulle ha 19 gjester denne natta. Eg ville heller kalla det eit gjestehus. Me hadde sett for oss middag med familien og saan, men saag omtrent ikkje noko til dei som budde der. Me var skuffa over opplegget; me hadde jo betalt ekstra for dette og. Men men, det var no koseligare aa bu der enn aa bu paa hotell midt i storbyen Can Tho.
Dagen etter blei me frakta med motorbaat til ein stad der me moette resten av gruppa igjen. Det var frukost klokka 6 og avreise med baat 06.45. Me fekk ein fin morgontur med soloppgangen og saag dei lokale pusse tenner og vaske opp i det brun
e, sakte renannde vatnet. Dette kunne ikkje vere saerlig hygienisk. Fleire mindre baatar tok oss med paa flytande marked i Can Tho. Dette markedet skulle ver
e veldig stort med masse baatar, men denne dagne var det faa baatar og skuffande. Det var inge
nting i forhold til bileta me hadde sett fraa flytande marked i Bangkok. At det var saa baatar var nok pga ferien, men reisebyraaet hadde ikkje sagt noko om dette. Det flytande markedet skulle jo liksom vere hoegdepunktet paa turen. I tillegg var det andre ting paa planen som ikkje blei gjort. Reisevante finske Kari og Kattri meinte dette var den daarlegaste organiserte turen dei hadde vore paa. Me var einige, sjoelv om me berre hadde to aa sammanligne med foereloepig. Biletet viser fruktpause med Kari (mann) og Kattri etter det flytande markedet. Masse deilig tropisk frukt!
Deretter var det litt meir baat foer lunsj i Can Tho. I baaten snakka me med ein fraa Spania som med kona og sonen paa kankse 12 aar reiste rundt i Asia i8 maanadar. De skulle ha sommarane heime og saa var planen aa gjere dette fem aar framover. Sonen var paa diverse internettkafear undervegs for aa jobbe med skule. Mannen var halv spanjol og halvt kinesisk, mens kona var halvt fransk og halvt vietnamesisk,
saa dei meinte dei maatte tilbringe litt tid her i Asia:) Etter lunsjen var det buss til Ving Long, der me brukte ein halv times tid paa marked. Her var det bytte av buss for dei som skulle vidare til Kambodsja. Dette skulle spanjolane blant anna. Ferje og buss frakta oss til slutt tilbake til Ho Chi Minh City.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar