Torunn og eg hadde dagen foer bestilt ein halvdagstur til Cu Chi tunnelane litt utenfor Ho Chi Minh City. Me reiste tidleg med minibuss den 30 jan. Det viste seg etterkvart at i framsetet sat ein oestlending. Me hadde omtrent ikkje truffe nokon norske paa turen, saa dette var litt kjekt. Han var litt av ein fyr og sikkert ikkje meir enn 35 aar. Han eigde eige forlag og bygde 200 leilighetar i Brasil. Buisnessen gjekk av seg sjoelv, saa han levde livet i Thailand i sine to leilighetar.

Me kjoerte ein time, foer me stoppa paa ein fabrikk der handikappa jobba. Dei brukte smaa eggeskal eller skjellbitar som dei limte paa ein type tre, og laga motiv paa alt fraa bilete, vasar, fruktfat og koppar. Me saag til doemes nokon med knoettsmaa armar i forhold til resten av kroppen og tenkte igjen paa krigen. Me brukte litt litt for lang tid paa aa sjaa korleis dei laga motiva og oppdaga ikkje foer 5 min foer me maatte reise den store tilhoerande butikken der dei selde masse flott. Me kunne tenkt oss aa kjoet noko der, men maatte dessverre reise. Det var forresten veldig dyrt, lurer paa kor mykje kunstnarane fekk av dette.
Cu

Chi tunnelane besto av ein 20 mil lange undergrunnstunnelar over tre plan, som vietnamesiske soldatar brukte under krigen. Nedgangane var kamuflerte med jord. Det tok to aar foer amerikanarane oppdaga tunellane. Den eine tunnelen gjekk rett inn i ein amerikansk leir og her gjekk vietnamesane inn nattestid og overraska amerikanarane. Tunnelaane var i utgangspunktet 60 x 60 cm, men nokre var no litt utvida pga turistane. Me proevde aa gaa gjennom ein 20 meter lang tunnel. I periodar maate vietnamesane vere i tunellane i dagar og veker i strekk og daa ligge flatt paa golvet for aa faa nok

luft. Det foerste planet av tunnelar innehaldt for eksempel moeterom, kjoekken og sjukestove for skada. Me fekk sjaa alle desse romma, som no avr laga om til museun, med trapp ned i bakken. Rundt i skogen fekk me og sjaa lure feller vietnamesarane hadde laga, der amerikanarane blei spidda paa ulike maatar av bambus og jernstenger. Det var tanks og modellar av soldatane rundt om. Me saag korleis dei brukte bombeskal til aa lage reidskapar og at dei demonterte bomber som ikkje hadde gaat av for aa bruke spengstoffet. Heile den guida turen var veldig interessant og spenannde! Ein stad kunne ein ogsaa betale for aa proeve aa skyte med ulike gevear. Med denne lyden i bakgrunnen blei opplevelsen i skogen spesiell. Det var tydleg at vietnamesarane ikkje var lette aa krige mot til tross for at amerikanarane hadde mykje meir militaert utstyr. Til slutt fekk me smake paa den rotfrukta soldatane aat til alle maaltid.
Klokka 18 same dagen gjekk flyet vaart tilbake til Bangkok. Me hadde avtale om aa komme rett innom for aa proeve kjolane, men me blei spurt om aa komme tilbake dagen etter heller. Me hadde planlagt aa ta buss soerover om kvelden dagen etter, saa dette passa bra sidan me likevel hadde ein dag aa slaa i hel i Bangkok.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar