onsdag 18. februar 2009

Sydney




Morgonen den 13.feb ankom me Sydney. Det var ein streng sikkerhetskontroll, der eg holdt paa aa maatte betale 1000 kr i bot, for hadde foerst kryssa ja for at eg hadde med meg noko mat, og etterpaa kryssa ut og heller skreve nei. Dette gjorde eg fordi eg hadde ein chips-pakke, og den tenkte eg ikkje gjekk under mat. Det eg gloemte var at etter eg hadde kryssa av paa dette skjemaet i begynnelsen av flyturen, tok eg med meg restane av frukosten, som inneheldt blant anna eit eple. Dette eple var det visst krise med, eg kunne jo ha stappa alt mulig inni det. Heldigvis hadde eg foerst kryssa ja for mat, saa han la godviljen til. Torunn hadde hamstra toerka mango og bananer for aa bruke opp pengane i Thailand, og bananene blei tatt fraa ho. Bananer kunne innehalde ting som kunne generere andre ting!

Me var innstilt paa veldig varm temperatur, men det var overskya og 20 grader. Det var jo heteboelge der tidlegare, med 45 grader helga foer me kom visst. Saan sett var det veldig mykje bedre med 20 grader. Paa vegen ned til byen kom det ei skikkelig regnsbyge, faktisk litt kjekt aa sjaa regn igjen:)

Det var seks senger paa rommet, og me delte med tre andre kjekke norske jenter. Me oppdaga fort at de fleste andre paa hostellet var ca 18 og foelte oss litt gamle for denne plassen. Det var litt foelkehoegskulefeeling med felles kjoekken, der me kunne lage mat, tv-stove og bar i kjellaren. Me var alle veldig troette, det var eindel turbulens paa turen, saa ingen hadde sove saerlig mykje. Det frista aa legge seg aa sove nokre timar, men sengene var ikkje klare, saa me bestemte oss heller for aa vere med paa ein sigtseeingtur som hostellet arrangerte. Men oga regn blei det heller marked og akvarium som sto paa planen visst. Me blei med paa markedet, men etter det var det plutselig opphold, saa me bestemte oss for aa hoppe av leiskule-opplegget og gaa sightseeing turen aleine. Me gjekk gjennom byen, saag flotte Darling Harbour og gjekk opp i utsiktstaarnet Syney Tower. Her oppe fekk me fint utsyn over heile byen, og fekk og med oss ein 3D film om Australia. Deretter vandra me mot Operahuset, der me fekk flotte bilde av Ingvild og meg i regnponhoane vaare:) Fekk og tatt bilde av Harbour Brigde herifraa. Me konkluderte med at Sydney saag ut til aa vere ein veldig fin og ryddig by (sikkert spesielt etter aa komme fraa Bangkok)!

Dagen etter sov Ingvild og eg litt frampaa foer me moette Torunn i byen. Torunn hadde nemlig hoppa paa et supertilbud fraa ein high quality frisoersalong. Me gjekk litt rundt i butikkar og tok ein tur i Royal Bonaic Gardens i regnponchoane vaare. Det var ein veldig fin park med masse interessante fuglar som spaserte rundt. Me aat deretter lunsj i bydelen Kings Cross, som skulle bestaa av masse bra restaurantar. Det var Valentinesfest paa hostellet om kvelden, men det blei til at me heller sat lenge oppe og snakka med dei tre romveninnene vaare paa kjoekkenet. Denne dagen regna det spesielt mykje og varselet framover var og daarleg. Planen avr aa bruke to av dagane i Sydney paa bystrendene paa Bondi og Manly for aa proeve surfing, men dette saag vanskelig ut pga store boelger. I tillegg hadde det nokre dagar tidlegare vore to haiangrep, eit i Sydney harbour og eit paa Bondi beach. Me var i tvil om me skulle framskynde billetten vaar til Cairns til mandag 16. i staden for 18. daa me egentlig skulle reise fraa Sydney. Etter litt fram og tilbake bestemte me oss for aa gjere det beste ut av det i Sydney, for vaeret i Cairns var heller ikkje meldt saerlig bra, pluss at me fann ut at me hadde god tid fraa Cairns til Brisbane uansett.


15.03 bytta me hostell. Me bestilte dagen foer usett. Det var eit tremannsrom for billigare enn dei to andre nettene, men det viste seg aa vere veldig ekkelt. Det var det eklaste soverommet foerelopig paa turen, med teppe paa golvet. Heile rommet stinka og det var boss under senga. Kjoekkenredskapane var saa ekle at me maatte vaske dei opp foer me brukte noko. De sa de nettopp hadde gassa huset for kakerlakker, saa me ssag heldigvis berre nokon doede.


Etter aa ha sjekka inn gjekk me paa resiebyraa og bestilte ulike turar for Australiareisa vaar og deretter paa Australian Museum. Dette var eit interessant museum med ulike tema. Det var blant anna historie om aborginarane, daa europearane kom til Australia og korleis aborginarane blei behandla av dei. For eksempel blei ungar satt i "kvite" familiar eller paa barneheimar for aa oppdra dei i den "kvite"-kulturen heilt fram til 1970 faktisk. Me fekk og sjaa og lese om ulike dyreartar i Australia. Det mest interessante var selfoelgelig dei farlige dyra, som slangar, haiar, blekksprutar og dei velkjetne "stingers som er paa stoerrelse med ein tennisball. Dette er ein type brennmanet som gjer at du blir drpet smertefullt paa mindre enn ein time dersom den treff deg paa rett plass. Det gaar ikkje an aa bade nord for Brisbane uten stingersdrakt pga desse.

Dagen etter, 16.03, tok me ferje til Manly, som er ein bydel soer i Sydney. Dette var ein flott ferjetur (foruten 5 min med sinnsjuke boelger midthavs) i solskinn (!). Det var faktisk sol og 25 grader heilt til etermiddagen. Me fekk kjempefine bilder av operahuset fraa sjoen. Stranda paa Manly var stengt pha sterke havstraumar og vind, likevel var det nokre proffe surfarar der som sat og studerte. Me gjekk ei fin turrute i omraadet, der noko av turen gjekk i skogen og noko langs flotte klipper. Byggefelta og heile omraadet Manly viste seg aa vere veldig ryddig og fint.I skogen trudde eg at eg saag ein slange, men det viste seg aa berre vere halen av ei kjempestor oegle, som me forresten saag mange av etterpaa. Naer stranda laag det og mange surfebutikkar som me brukte ein del tid i. Billabong, Rip Curl og Roxy f.eks er alle australske merke, og det var butikkar med veldig masse fint!

Tirdag reiste me til Bondi Beach, som er den mest kjente surfestranda i Sydney. Det var ei fin strand her og, men omraadet var ikkje saa flott som paa Manly. Stranda var stengt ogsaa her. Litt kjedlig aa reise paa desse strendene berre for aa sjaa, men saan maate det bli naar vaeret ikkje spelte paa lag. Me shoppa litt, tok buss til et stort kjoepesenter og shoppa endaa meir. Om kvelden var me paa operaforestilling i operahuset. Tryllefloeyten av Mozart! Veldig bra! Operaen paa klasseturen til Skottland paa vidaregaande var ikkje saerleg imponerande i forhold. Her var det mykje meir kostymar, handling og humor, pluss noko kjent musikk. Me var aa spurte nokre dagar tidlegare om kva som gjekk og prisar og fekk beskjed om at me kunne faa billige studentbillettar til denne denne forestillinga dersom me moette opp ein time foer og det fortsatt var ledige plassar. Me pynta oss og moette opp, og fekk heldigvis plass. Me sat midt paa foerste rad oppe og fekk billettar til 1250 kroner til 250!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar