søndag 22. februar 2009

Cairns og Cape Tribulation


Morgonen onsdag 18.feb tok me fly fraa Sydney til Cairns. I Cairns fekk me oss eit fint rom for oss sjoelve naer stranda. Det var sol og veldig varmt aa komme opp hit nord. Cairns var ein liten by med 100 000 innbyggjarar. Det var ein veldig fin og frodig by med masse groent og eg fekk med det foerste ein foelelse av aa vere i Albir i Spania. Nede ved stranda var det ein kjempefin badelagune som me tilbrakte resten av ettermiddagen paa.

Dagen etter hadde me bestilt ein todagarstur til regnskogomraadet Cape Tribulation, litt nord for Cairns. Me blei plukka opp av ein artig guide som heile vegen fortalde baade sanne og usanne krokodillehistoriar og andre historiar fraa regnskogen for aa gire opp stemningen. Etter ein halv times tid stoppa me i ein wilderness park, med blant anna cassowaries, koalabjoernar og kenguruar. Cassowaryen er visst verdens farligaste fugl, den er ca i m hoeg og 60 kg. Den var vanlig aa sjaa langs vegen, men me fekk dessverre ikkje sjaa den i det ville. Ellers mata me kenguruar og wallabies (mindre kenguruar) og stilige fuglar i parken. Wallabies saag me forresten og i det ville, det var heil gjeng av de paa et jorde. Tida sprang fraa oss saa me fekk dessverre ikkje sett de sjeldne sjaa trekenguruane, som hang i trea. Torunn og eg betalte og litt ekstra for aa faa holde ein koala, den var saa soet og god aa holde i!

Etter parken kjoerte me til Mosman Gorge der me gjekk ein sti i regnskogen. Guiden fortalte og me hoerte lydane av allslags dyreliv i skogen. Me fekk beskjed om aa passe oss for hjerteforma blad, som visstnok kunne skape kloe og plager i aarevis. Etter eit avkjoelande bad i ein ferskvannskulp i skogen, aat me lunsj paa ein gatekafe. Her saag m ein av dei velkjente groenne trefroskane, som er motiv paa mange av postkorta her. Den er heilt spygroenn, ein stilig frosk! Ellers lovde guiden gratis dessert, og me var spente. Desserten viste seg aa bestaa av maur. De smakte sterk sitron.

Neste ting paa programmet var krokodillesafari paa Daintree River. Det var daa me saag ein av australias mest sjeldne fuglar som kom flygande rett forbi baaten. Guiden saa me maate heim aa fortelle all bird-nerds at me hadde sett Great Build Harren, som fuglen heitte. Ein fuglekikkar hadde visst brukt 15 aat i omraadet for aa faa auge paa denne. Mens me speida etter krokodillar, saag me ein slange i trea og ellers masse ulike mangrovetre. Plutselig fekk me auge paa ein krokodille som lurte inne i buskane, den var stor og laag heilt i ro og solte seg. Stilig aa sjaa ute i naturen og ikkje berre i ein park.
Til slutt gjekk ferden til Cape Tribulation, der regnskogen faktisk gjekk heilt ned til havet. Me budde paa eit gjestehus i skogen, naer havet. Her var det sinnsjukt med edderkoppar i alle stoerrelsar og fasongar. Torunn og eg turte ikkje dusje etter aa ha tatt eit bad i bassenget som var der, for det var edderkoppar overalt me var saa dumme aa begynne aa studere taket i tillegg. Me hadde og hoert at de minste edderkoppane kunne vere farlige, men ikkje visste me kven som var det. Maa innroemme eg sov litt urolig denne natta, daa eg fleire gonger vaakna og frykta edderkoppar og slangar i senga. Men er merkelig kor fort ein blir toeffare, daa me kom tilbake til Cairns etter turen var det ikkje lenger problem med flygande kakerlakkar for eksempel. Kvelden tilbrakte me med fleire av dei andre som hadde vore med paa samme turen som oss.

Om morgonen sto me opp tidleg og tok eit bad i bassenget. Me hadde tenkt aa leige syklar og sykle litt rundt i omraadet, men resepsjonen anbefalte heller aa gaa. Tre tyske, to jenter og ein gut, slo foelge med oss paa oppdagelsesferden. Med jamne mellomrom kom det skrik fraa Ingvild, daa var det enten ein doed stor frosk eller slange i vegen , ellers saa blei ho stukken av ein mygg. Me saag og ein stor knallblaa sommarfugl. Den blir kalla Ulysses og er og eit av motiva paa postkorta her. Me gjekk helst langs riksvegen, me provde oss paa ein sti i skogen, men det var saa sinnsjukt med mygg saa me snudde. Dei to tyske jentene snudde etterkvart, mens me resten gjekk til ein badekulp, der me fekk oss eit ettelengta avkjoelande bad. Etter ein lunsj paa ein gatekafe, maatte me sei hade til Christian som skulle vere der ein dag til. Me blei plukka opp av samme guiden som hadde vore paa tur med oss dagen foer, og Christian meinte det var tydelig at guiden hadde vore spesielt begeistra for oss norske jentene og var til alle tider der me avr. personlig hadde eg ikkje tenkt paa dette, han var jo 40 og berre ein hyggelig guide. Det som var morsomt daa, var at det foerste han spurte oss om var kva planar me hadde om kvelden og om me ville vere med paa spa paa et 5 stjerners hotell. Han skulle visst uansett gaa, saa det var berre aa slaa foelge. Daa me kom fram til Cairns takka me fint for tilbudet, og sa me var saa svoltne saa maatte nok prioritere mat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar