mandag 12. januar 2009

Chiang Mai

Fredag morgon, den 9.jan, kom me til Chiang Mai etter ein tolv timars lang hompete busstur. Me var daa glade for me ikkje hadde bestilt nokon trekkingtur denne dagen paa foerehand. Me blei henta og frakta til et hostell, som resiebyraaet me hadde bestilt bussturen av tydeligvis samrabeidde med. Hostellet heitte Nice Place:) Her hoppa me paa det foerste og beste tilbudet om tre dagars trekking. Det viste seg heldigvis ikkje aa vere ein tabbe. Trekkinga skulle gaa til et omraadet kalla Pai, tre timar utenfor Chiang Mai (nesten paa grensa til Burma) og hostelleigaren garanterte at me ikkje skulle sjaa andre trekkinggrupper. Dette syntest me hoertes flott ut. Fredagen brukte me berre til aa sjaa oss litt runt om i byen, ete ein god middag paa ein italiensk restaurant og om kvelden gaa paa det store nattmarkedet.

Loerdagen starta turen halv ti. Gruppa vaar besto av et soeskenpar fraa Korea, fjorten og seksten aar gamle, fire fraa Ungarn og ein fraa Tyskland som reiste sammen, og to australske jenter og ein fraa Usa. Ei veldig kjekk gruppe! Etter tre timars kjoering paa to benkar baki ein trong bil, aat me lunsj i ein fattig landsby oppi fjellet. Me fekk servert veldig god stekt ris. Soete grisar, hoener og hundar dukka fram overalt:) Etter luns starta me aa gaa oppover, og tempoet var raskt! Eg trudde me fjellvante nordmenn hadde nokre fordeler her, men heile resten av gjengen klarte forbausande aa holde samme farten. Me blei fortalt at grensa til Burma laag 2 dagars gange herifra, og guiden vaat fortalte at de reiste dit for aa handle opium og enda sterkare saker. Etter et par timar tid kom me fram til landsbyen me skulle overnatte i. Ei stor bambushytte med tepper paa golva skulle huse oss alle. Det var like mange husdyr rundt om her og me hadde underhaldning i aa observere desse og leike med dei soete ungane. To kjempe soete kvalpar leikte dei med som dei var dukker og kasta rundt, og dei blei ikkje akkurat behandla som kvalpar heime i Norge. Om kvelden aat me middag, og dei lokale kom i flotte drakter og dansa for oss til gitarmusikk. Etterpaa var det allsang, mens Ingvild eller nokre av thaigutane spelte gitar. Guiden vaar og dei lokale drakk brennevin laga av ris som berre det. Me takka fint nei, det var nok aa lukte paa greiene. Det blei ogsaa roykt opium, og klokka ti var me ganske trotte og leie av denne ekle lukta, saa heile gjengen tok kveld.

Morgonen etter starta me aa gaa halv elleve og gjekk nokre timar foer lunsj paa ein idyliisk plass der det berre budde ein familie. Familien besto av bestefar og bestemor og barnebaret paa kanskje 6 aar. Historien deira var at dottera, mora til ungen, doeydde rett etter foedselen og faren hadde stukke av. I tillegg var det ogsaa ei anna dotter som hadde sete i fengsel i ti aar, for noko ho ikkje hadde gjort. Mest sannsynleg maatte ho sitte der i ti aar til. Haapar berre besteforeldra lever saa lenge, saa guten ikkje blir aleine. Her laga kona til deilig nuddelsuppe, og nokre bada i ein liten foss. Turen gjekk vidare i ca ein time foer me fekk helse paa elfantane. Halve gruppa fekk ri elefantar om gongen, mens dei andre gjekk. Ingvild og eg sat paa den stoerste elefanten som leda an, i ei korg som var laga til oppaa for aa sitte i. Personlig syntes eg ikkje dette var saa kjekt; det var hoegt ned og eg hadde lest ein skrekkhistorie om ein elefant som hadde tatt ut oppover fjellsida for han saag et dyr. Derfor sat eg heile tida paa vakt og hoerte paa lydane han laga. Ingvild var litt toeffare og satte seg til og med fram paa nakken hans. Eg var glad daa dei foertifem minutta rideturen varte var ferdig, og alt gjekk heldigvis fint:) Svaere og fascinerande dyr! I landsbyen me budde denne natta var det nesten ingen dyr, berre nokre hundar, og her virka det ikkje som de var saa fattige som i landsbyen kvelden foer. Me ssag store, veldyrka aakrar og hoerte til og med ein traktor, saa her var det jordbruk dei livnaerte seg av. Me budde ogsaa her i ei stor bambushytte og om kvelden laga me til baal som me sat rundt. Triveleg! Det som var dumt var at det var varmt og godt paa dagane, men iskaldt om natta! Me hadde leigd soveposar, men det og tre ulltepper oppaa kvarandre var likevel ikkje heilt nok.

I dag, maandag, gjekk me igjen i halvannen time foer me kom til ei meandreande elv. Her skulle me kjoere flaate nedover elva. Dette likte eg bedre, rimelig ufarlig:) Me var tre stk paa kvar flaate, og hadde lange stavar aa styre og lage fart med. Ein fin opplevelse nedover i flotte omgivelsar! langs elva saag me kyr som likna paaa esel, og folk som hadde matpause fraa aakerarbeidet som tilbydde oss mat:) Etter "elveraftinga" aat me lunsj, foer me byrja paa billturen tilbake til Chiang Mai. Her tok me inn paa Nice Place igjen, og me har tenkt aa bli her i byen eit par dagar til. Byen er ein fin by og er blant anna kjent for mange gode restaurantar. Den er mykje roligare enn Bangkok, og jo ogsaa mykje mindre. I ettermiddag aat me paa ein veldig god thai-restaurant og no har eg nettopp tatt ein halvtimes nakke -og hodemassasje til 20 kr:)

1 kommentar: